

Restaurant Julie på Union Geiranger Resort & Spa byr på lunsj og à la carte-middag med utsikt over Geirangerfjorden, laga frå grunnen.
Restaurant Julie er brasserie- og à la carte-restauranten på det familieeigde Union Geiranger Resort & Spa, med storslått utsikt over Geirangerfjorden og fjella rundt. Restauranten er open for både hotellgjester, tilreisande og lokale, og tilbyr gode måltid gjennom heile dagen i avslappa og elegante omgjevnader.
Lunsj og middag
Til lunsj, frå klokka 12.00 til 16.00, serverer restauranten ein sesongbasert meny med råvarer og inspirasjon frå det norske landskapet. Frå klokka 17.00 til 21.30 opnar Restaurant Julie for à la carte-servering om kvelden, der menyen kombinerer norske råvarer med impulsar frå det europeiske kjøkkenet. Resultatet er eit moderne brasserieuttrykk der kvaliteten ligg i råvarene, handverket og detaljane.
Eit matkonsept av Odd Ivar Solvold
Bak konseptet på Restaurant Julie står Odd Ivar Solvold, F&B-direktør ved hotellet og ein av dei mest meritterte kokkane i norsk gastronomi. Solvold er tre gonger noregsmeister i kokkekunst, kåra til Årets Kokk og Noregs beste sjømatkokk, og har teke bronse i Bocuse d'Or. Gjennom fleire tiår har han også markert seg som mentor og coach på internasjonalt toppnivå.
Han er tett involvert i utviklinga av mat- og drikkekonsepta ved Union Geiranger og i treninga av kjøkken- og serveringsteama, med ein tydeleg filosofi om at gode råvarer, godt handverk og fagfolk som brenn for yrket sitt skal liggje til grunn for heile måltidsopplevinga.
Arven etter Julie
Restaurant Julie ber namnet til Julie Mjelva, som kjøpte hotellet i 1899 og la grunnlaget for det som i dag er det familieeigde Union Geiranger Resort & Spa. Med ambisjonar for kvalitet, vertskap og utvikling sette ho standardar som har følgt hotellet gjennom fire generasjonar.
I dag møter denne arven eit moderne restaurantkonsept utvikla under Odd Ivar Solvold si faglege leiing. Restaurant Julie kombinerer dermed to viktige delar av Union Geiranger: ei sterk familiehistorie og høge gastronomiske ambisjonar. Historia sit i veggane, medan kjøkkenet har blikket retta framover.
Til maten
Restaurant Julie har ein rikhaldig vinkjellar med over 7000 flasker, og fleire av rettane er tenkt saman med eit godt utval viner.
Praktisk informasjon
Restaurant Julie held til i Union Geiranger Resort & Spa, midt i verdsarvfjorden Geirangerfjorden. Bordbestilling gjer du enkelt på nett eller telefon.
Kilde: Visit Northwest