Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Raudeberg

Refviksanden

I enden av bygda Refvik ligg Refviksanden. Nyt varme og fine sommardagar eller ei av dei mange hauststormane.

Den 1,5 km lange sandstranda ligg i enden av bygda Refvik, ut mot det opne hav. Stranda ligg ca 10 km frå Måløy og er med sin krittkvite skjelstrand ei av Norges finaste badestrender. Nyt varme og fine sommardagar eller ei av dei mange hauststormane. Husa i Refvik har ein tjukk murstein på eine sida. Dette er for å hindre at dei skal bli blåst på havet av dei sterke hauststormane som blir pressa ned gjennom dalføret. Du finn toalett og dusj ved stranda. Det er og høve til overnatting i telt, campingvogn eller bubil.

Last updated: 01/31/2024

Source: Visit FjordKysten

Refviksanden

Senest besøgte sider