Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Røisheim | Hotell

Book

Røisheim hotell ligg i Bøverdalen på nordsida av Jotunheimen nasjonalpark. Hotellet er ein gammal verna skysstasjon med ei helt unik atmosfære og eit berømt kjøkken.

Røisheim hotell – ein gamal skysstasjon med tradisjoner. For kresne og eventyrlystne fjellturistar.

Røisheim hotell ligg i Bøverdalen på nordsida av Jotunheimen nasjonalpark. Hotellet er ein gamal verna skysstasjon (frå 1858) med ei heilt unik atmosfære og eit berømt kjøkken. Staden består av verna hus i tun frå 1700-tallet og har lange tradisjonar i å ta vare på kresne og eventyrlystne fjellturistar – enten dei ynskjer seg til toppane i Jotunheimen eller søker den gamle og verna skysstasjonens stemning og velsmakande mat.

Røisheim er eit ypperleg utgangpunkt for vandringar i Jotunheimen og er eit naturleg utgangspunkt for bestigning av Nord-Europas høgast fjell Galdhøpiggen. Her finn du 24 restaurerte rom med særpreg. Suitane har badestamp og himmelseng og nokre har peis. Måltid i gourmet-klassa høyrer med til opplevinga. 

Kunstutstilling i stabburet: 
Røisheim Hotell er opptekne av å by gjestane sine eit breitt kulturtilbod.

Sommarutstillingane i det gamle stabburet, som vart gjort om til galleri i 2016, er ein del av dette tilbodet. Her stiller ulike kuntnarar ut verka sine kvar sommar. Hotellet har òg samla kunst frå kunstnarar som gjennom historia har latt seg inspirere av den flotte naturen og den heilt spesielle stemninga på Røisheim. I spisesalen er det mellom anna utstilt nokre av Gerhard Munthes bilde som vart måla på Røisheim. 

Konferanse eller leiarmøte:
Mange vel å legge samlingar eller andre temamøter utanfor kontoret, for å kunne tenke friare og ikke vere bunden opp i daglige rutinar. Få steder får tankane så fritt spillerom som på Røisheim. Rama rundt møta er unik og prega av  dei lange historiske linjene. Vi legg sjølvsagt óg til rette for gode møte ved WI-FI og ved å leggje til rette for presentasjonar i møteromma.

Ladestasjon for EL-bil:
På Røisheim finn du ladestasjon for EL-bil, både for Tesla og andre EL-bilar. Her finn du 3 ladestasjonar.

Røisheim er ope frå mai til oktober. Unn deg ei ekte og eksklusiv oppleving i Jotunheimen. Velkommen!

Kontakt:
Røisheim Hotel
N-2687 Bøverdalen
Tel: +47 61 21 20 31
Faks: +47 61 21 21 51
E-post: booking@roisheim.no
Internett: www.roisheim.no

Last updated: 02/12/2024

Source: Visit Jotunheimen AS

Røisheim | Hotell

Book

Senest besøgte sider