Skip to main content
Unknown Component
civid: 585d8282ff94e0619794c81a
name: plugins_common_social_share (widget)

Ullensvang

Panorama Glacier Hike -Folgefonni Breførarlag

Book

Bli med på bretur med panoramautsikt. Denne turen tar deg med inn eit unikt landskap med spennande natur- og kulturhistorie.

Panorama Glacier Hike er eit dagleg tilbod frå midten av juni til midten av august. Breturen startar frå guidebutikken i Folgefonna Velkomstsenter. Lengda er ca. 3-4 km, høgdeskilnaden om lag 250 m, og varigheita er ca. 3-4 t. Lunsjpausen er på breplatået med panoramautsikt mot Nordsjøen, Rosendalsalpane og Folgefonna nasjonalpark. Guiden deler kunnskap om kulturhistorie, geologi, glasiologi og klima. På turen tilbake til startpunktet ser du ned mot det vakre fjordlandskapet.

Nedre aldersgrense er 7 år, og breføraren tilpassar turen til gruppa. For å komme til startpunktet må du køyre den 19 km lange vegen frå Jondal opp til sommarskisenteret på Folgefonna (bomveg). Denne breturen kan og vere del av ein dagstur frå Bergen.
Inkludert i prisen er leige av stegjern, isøks, sele, hjelm og fjellsko (om du ikkje har eigne). Ta med varme, vind- og vasstette kle, fjellsko, hanskar og ryggsekk. Solbriller og solkrem er viktig. Om du manglar noko tilbyr Folgefonni Breførarlag utleige og sal av utstyr. Ta med lunsj og drikke, skal Folgefonni Breførarlag ordne lunsjpakke må du gi beskjed i god tid.

Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Panorama Glacier Hike -Folgefonni Breførarlag

Book

Senest besøgte sider