Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Stranda

Overvoll Retreat og Aktivitetssenter

Bli med på ei reise i tid! Møt dei som no bur til gards og lat deg inspirere av deira drivkraft til å løfte nytt liv inn i gamle hus!

OVERVOLL gård er navnet på staden og familienavnet til dei som bur til gards i Strandadalen, omgitt av bratte fjellsider på alle kantar med kort reiseveg til storslått fjordutsikt og med lett flytilkomst til Ørsta eller Ålesund. Gardsnavnet går så langt tilbake som til 1500 talet då kyrkja begynte å føre i pennen kven som budde kvar. Trulig går navnet mykje lenger tilbake i historia. Retreat og Aktivitetssenteret som er etablert på garden ligg lagleg til, midt i mellom andre store høgdepunkt i regionen: Trollstigen, Geiranger, Hjørundfjorden,  Sunnmørsalpane, Stryn og Ålesund.

Om opphaldet

Overvoll gård med Villa Rustic, har kun åtte rom totalt, noko som sikrar ei heimleg og ikkje-kommersielll atmosphere. Alle romma har moderne og komfortable dobbelt/enkelsenger med delt bad fasilitar. Som overnattingsgjest, eller som eventuelt deltakar, vil du alltid få tilbud om ein RAUS tre-rettars-middag/buffé til å nyte i godt selskap med våre andre gjester.

Frukost, sengetøy og handdukar er alltid inkludert, for å sikre at du som gjest kan fokusere på å slappe av og nyte di tid med oss. Berre eitt steinkast unna ditt rom, finn du den velstelte 9 hols fjellgolfbana på gården. Retreat senteret tilbyr også utleige av golfkøller og golftriller, gratis wifi and parkering.

Om vertsskapet

Team-Overvoll, deler gjerne av seg med gardens historie og det pågåande restaureringsarbeidet i dei gamle bygga, datert 1850 og 1901. Du vil også ha mulighet til å lære om korleis jordbruksland gjekk over i å bli ei golfbane, truleg den minst forurrensande fjellgolfbana i verda! Team Overvoll vil også kunne fortelje deg om planane framover, om kva som blir gjort for å halde ein grøn fokus gjennom å tilby ECO-vennlege turar og arrangement. Lengre opphold vil bli oppmuntra, og du vil bli invitert til å bremse opp og ta tid til å ta inn naturen, bli med å hauste og smake rettar av ville urter. Om vinteren kan du delta i bålsermoniar under stjernene, medan lokale og profesjonelle historiefortellere ausar av sin kunnskap.

Om opphaldet

Retreat senteret sine aktivitetar har som mål å stimulere kreativitet, refleksjon og utvikling. Til servering vil det bli nytta  eigen produserte økologiske produkt og u-reist mat så langt som sesongen tillet det. Kunst, leik og fysiske aktiviteter står i fokus. Du blir oppmuntra til å ta del i utveksling av kunnskap og erfaring over språklige og kulturelle grenser, alder og kjønn. Team-Overvoll strekkjer seg langt i å skape ei omsorgsfull atmosfære og håper å gi deg ei oppleving av nærhet og tilhøyrigheit å ta med deg heim!

 

Last updated: 01/31/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Overvoll Retreat og Aktivitetssenter

Senest besøgte sider