Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Olden

Olden Camping

Olden Camping, ligg ved Oldevatnet, i ein av Nordfjord sine finaste dalar – Oldedalen. Panoramautsikt mot brear, vatn og fjell.

Plassen er omkranset av høge fjell, fossar, vatn og brear, og har ein spektakulær utsikt til isbrear, gode fiskemuligheiter og utlån av båter til våre gjester.

Olden Camping er eit godt utgongspunkt for fotturar i fjell, skog og mark, guida breturar eller dagsturar med bil. Turen til Gytrifossen startar her.

To nye høgstandard hytter med sengeplass til 5-6 personar i kvar hytte. Soverom med køyeseng, 150 cm nede og 75 cm oppe, samt ekstra madrass. Sovesofa i stova med plass til to. Kjøken er fullt utstyrt med komfyr/steikeomn og oppvaskmaskin. Fin overbygd terrasse. Oppstillingsplass til 50 bobiler/campingvogner + teltplass.

På Olden Camping er der syklar, pedalbåt, robåt, kano, og kajakk som er gratis for gjestene. Du kan leige kajakk og kano sjølv om du ikkje bur på campingen. Det finns ein gåvebutikk og kiosk med det mest nødvendige. Ferske brød og rundstykker kan bestillast til frukost.

Vertskapet på Olden Camping, legg stor vekt på service og reinhald!
Sommerope frå 1 mai til 30 september.

De finn oss 13,5 km fra Olden sentrum, ved Fv 724 Olden – Briksdalsbreen.
Vi er den andre campingplassen etter tunnelen, NB! Sjå etter Elgen ved innkjøringen.

Last updated: 02/17/2024

Source: Nordfjord

Olden Camping

Senest besøgte sider