Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Nordal turistsenter | Restaurant

Book

Nordal Turistsenter ynskjer velkomen til ein hyggeleg kafeteria i Lom sentrum. Her serverer vi eit variert utval av kaker og kaffe, smørbrød eller middagsrettar.

Nordal Turistsenter ynskjer velkomen til ein hyggeleg kafeteria i Lom sentrum. Her serverer vi eit variert utval av kaker og kaffe, smørbrød eller middagsrettar.

På Nordal Turistsenter finn du ein tradisjonsrik kafé, der den eldste delen vart brukt til ferdamannskvile frå 1897 og framover. Besøkjer du kafeen vil du oppleve ein bit av denne ferdamannskulturen.

Trivelege lokal, der du kan nyte alt frå ein enkel kaffikopp, til lette salatrettar og saftige biffar. Pizzameny med heimelaga pizza, som du kan ta med deg heim eller ete her. Leit og du finn leikerom med video og duplo til dei minste. På fine vérdagar kan du kose deg med maten på vår perle av ei uteservering som har utsikt til fossen og kyrkja. Ynskjer du å sjå yrande folkeliv, kan du sitje på uteserveringa mot sentrum. Kafeen har øl og vinrett.

Spesialitetar: 
Vi anbefaler også å prøve ein av våre spesialitetar; Bøverdalsbiff eller fisk frå elva Bøvra, som er vår næraste nabo.

For barn:
Barna skal trivast, og vi tilbyr ein spanande barnemeny, med mellom anna taco og pizza. Et så mykje du vil! Vi har også eit innhaldsrikt leikerom for dei små. Her er det ingen som ventar utålmodig på at dei vaksne skal avslutte middagen! Våre camping- og hotellgjester ynskjast òg velkomen til ein rikhaldig frokostbuffet.

Nyt finvêret! 
Du kan også nyte finvêret utandørs i vår idylliske hage med utsikt mot elva og Lom stavkyrkje. Her kan du også ta deg ein svingom enkelte sommarkvelder.

Last updated: 04/29/2021

Source: Visit Jotunheimen AS

Nordal turistsenter | Restaurant

Book

Senest besøgte sider