Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)
Luster

Nigardsbreen

Bestil

Nigardsbreen er ein arm av den mektige Jostedalsbreen, vakker plassert i Jostedalen i Luster Kommune.

Nigardsbreen er ein av dei lettast tilgjengelege brearmane i Sogn.

Her kan du leige deg ein breførar som tar deg trygt opp på isen på brevandring eller du kan vandre inn til foten av isen. I dette området er du både i eit polarstrok på vatnet framfor breporten og i eit område som viser korleis landet vårt vart til i elvedeltaet nedanfor. Viss du ønskjer å lære å gå på bre og ta breen i bruk, bør du kontakte Jostedalen Breførarlag


Korleis koma seg dit

Frå Gaupne følger du vakre Jostedalen i bil eller med brebuss, opp til Breheimsenteret, informasjonssenter for Jostedalsbreen Nasjonalpark. Frå Breheimsenteret er det 3km til parkeringsplassen ved Nigardsbrevatnet. 

Frå enden av parkeringsplassen ved Nigardsvatnet kan du gå merka sti inn til breen eller bli med på ein kort båttur over brevatnet. Frå enden av vatnet kjem du tett inn til blåisen på eiga hand, eller bli med breførarar opp på isen.



Kilde: Visit Sognefjord AS

0

Nigardsbreen

Bestil

Senest besøgte sider