Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)
Vågå

Nasjonal turistveg Valdresflye (FV 51)

Sørlige ytterpunkt på Nasjonal turistveg Valdresflye ved Garli like nord for Beitostølen. Foto Jarle
Valdresflye vinterstengt
Fylkesveg 51, Nasjonal turistveg Valdresflye, ved vegens høyeste punkt, 1389 moh. Foto Werner Harsta
Nasjonal turistveg Valdresflye. Foto: Hege Lysholm /Statens vegvesen
Nasjonal turistveg Valdresflye_tidlig vinter_Foto Jarle Wæhler _Statens vegvesen
Fylkesveg 51, Nasjonal turistveg Valdresflye. Foto: Vegar Moen
Nasjonal turistveg Valdresflye_brøyting_Foto Werner Harstad _Statens vegvesen
Nasjonal turistveg Valdresflye_vintermørke_Foto Jarle Wæhler _Statens vegvesen

Nasjonal turistveg Valdresflye (fylkesveg 51) går mellom Garli og Hindsæter med avstikkar til Gjende. Strekninga er 49 kilometer lang. Vegen er eit godt alternativ om du skal nordover, eller du kan legge den inn som ein del av mange rundturar.

Om Valdresflye:
Valdresflye er ei høgfjellsvidde i Øystre Slidre kommune i Innlandet fylke. Vidda ligg heilt aust i Jotunheimen. Fylkesvei 51 går over vidda i nord–sør-retning. Det høgaste punktet på vegen ligg 1389 meter over havet, og gjer dette til Norge sin nest høgast beliggande fjellovergang og veg for vanleg ferdsel etter Sognefjellet med 1434 m. Om vinteren har du tilgang på ei rekkje 2000-meterstoppar i området rundt vegen, og Valdresflye er difor populært for toppturar på fjellski og randonnee, og for vandring om sommaren. 

Sykling på Valdresflye: 
Å sykle over Valdresflye er ei stor oppleving. Vegen går langs austsida av Jotunheimen, og vart bygd for å bringe folk til fjells. Vil du stoppe og speide etter rein, er det fleire utkikksplassar langs vegen. Her kan du la pedalane gå og kjenne på kjensla av å fly frå toppen og ned forbi Gjende. Utsikta innover fjelltoppane i Jotunheimen er uslåeleg. Kaffe og kake på Beitostølen, Bygdin og Bessheim om beina treng det. Meir info her: Vegtur.no

Historia:
Å byggje vegar i fjellet var med på å binde dei forskjellige delane av landet saman. Fleire fikk oppleve fjellet, og vegane var til stor nytte for stølsdrifta. Dei fleste fjellvegane i Norge har altså heilt frå dei vart bygde vore viktige for reiselivsnæringa, og gjort det råd for oss å kome oss til fjells på ein enkel og trygg måte. Valdresflya er eit godt eksempel på ein slik veg.

Vintervarsel: Deler av Nasjonal turistveg Valdresflye er vinterstengt mellom Garli og Maurvangen. Raude flagg i kartet (bilete over) viser kvar strekningen blir stengt. Strekninga er open mellom Hindsæter og Gjendesheim. Vegen er normalt stengt i desember og opnas igjen i april. Tilkomst til Gjendesheim er frå Randen (veg 51) eller Sjoa (veg 257). 

Opningar og stengingar av vinterstengde turistvegar

Køyrande må være oppmerksame på tamrein på strekninga 

Kjelde: nasjonaleturistvegar.no

Kilde: Visit Jotunheimen AS

Nasjonal turistveg Valdresflye (FV 51)

Senest besøgte sider