Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Kviteseid

TripAdvisor rating of 4

2

Kantina til Bjaaland (Museumskafeen i Morgedal)

Book

Ta deg ei pause og nyt deilig mat i kafeen på Norsk Skieventyr - eller kanskje den beste kaffien og "sjavgjort" Italiensk iskrem med smakar av frukt og bær frå Vest-Telemark! 

Ta deg ei pause og nyt deilig mat i kafeen på Norsk Skieventyr - eller kanskje den beste kaffien og «sjavgjort» Italiensk Gelato - iskrem med smakar av frukt og bær frå Vest-Telemark! 

Frå 2023 er det Thomas og Hellene Berstad frå populære Bjaaland bygderestaurant som har kafédrifta på skimuseet. Dei har døypt kafeen Kantina til Bjaaland, og tilbyr noko godt å bite i for både lokalbefolkning, forbifarande og tilreisande. Kafédrivarane er opptatt av å bruke lokale ingrediensar så langt det er mogleg, og dei har stor fokus på kvalitet. 

Kafeen har ope i museets hovudsesong mellom 1. mai og 15. september. Kantina til Bjaaland kan óg ta i mot gruppebestillingar utanom sesong.


I tillegg til kafédrift finst det eit lite «landhandelhjørne» med gode smakar frå Vinje bryggeri, lokale råvarer og produkt, samt nokre basisvarer å få kjøpt på staden. 

BORDBESTILLING ER MOGLEG VIA HEIMESIDA TIL DRIVARANE: www.bygderestaurant.com 

Kafédrift i Morgedal har lang tradisjon
Morgedal Kro og Sondre Kro var kjende stoppestader for køyrande langs tidlegare E76, nå E134. Tradisjonen med eit hyggjeleg lokale, god service og heimelaga mat har vore sentralt i kafétilbodet i Morgedal.

Du kan velje mellom langbord eller mindre bord med plass til fem-seks personar. Me kan ta imot grupper inntil ca. 70 personar. I sommarsesongen har me uteservering. Nede mot vatnet finst det benkar og bord, og der er du velkomen til å slå deg ned.

Me har sjølvsagt gratis WIFI, og ligg midt mellom aust og vest like ved E134 som gjer oss til eit praktisk treffpunkt for folk som treng ein stopp.

KONTAKTINFORMASJON:

Ynskjer du å ha selskap på Norsk skieventyr har me lokale som er mogleg å nytte til ulike samankomstar. Treng du møterom til lunsjen kan me tilby rom med plass til opptil 14 personar.

Kontakt Vest-Telemark museum på tlf. 35 06 90 80, eller send ein e-post til booking@vtm.no.

Dersom de kun har spørsmål om meny og bestilling av mat, ikkje museumsbesøk eller selskap/møterom, kan de ta direkte kontakt med Kantina til Bjaaland: 
Telefon +47 469 63 631 eller bjaaland@bygderestaurant.com.

Det finst ein eigen meny for grupper/turoperatørar. Gruppemeny gjeld for grupper på minimum 10 personar, der heile gruppa bestiller same meny.

Last updated: 01/02/2024

Source: Vest Telemark

Kantina til Bjaaland (Museumskafeen i Morgedal)

Book

Senest besøgte sider