Vinje
Mjonøy - Smørklepp kunstmuseum
Forest area
Medium
Short hikes (1-4 hours)
Fakta
Sværhedsgrad: Middel
Varighed: 2 timer
Terræn: Skov
Vandring langs kulpar og vakre fossefall frå idylliske Mjonøy til Henrik Sørensens biletgalleri.
Kunst og kultur er varemerket på denne kulturløypa som startar og endar ved Mjonøy i Vinje. Det passar fint, sidan ein då kan fylle magen med god mat frå kafeen på Mjonøy, før eller etter turen.
Turen går i lett skogsterreng langs elva. Vakre fossefall og eit canyonliknande landskap kallar fram fotoapparatet frå sekken. Er veret fint, kan ein lauge seg i Kleivastøylhylen.
Oppe på toppen av løypa inne i skogen openbarar Smørklepp kunstmuseum seg. Biletkunstnarane Henrik Sørensen og Harald Kihle budde og arbeidde ei tid saman i Smørklepp. Galleriet har ei stor samling av bileta deira, som er viser stemningsfulle naturskildringar og folkeliv frå Telemark.
Aktivitetar ved Mjonøy - Smørklepp kunstmuseum
Mjonøy. Utgangspunktet for turen. Her kan du sove rimeleg og godt i gamle loft og bur, eller legge på prisen og sove i høgstandardhytter. Bakeri, utstillingar og utsal om sommaren.
Smørklepp kunstmuseum. Biletmålaren Henrik Sørensen hadde 40 av sine somrar på Smørklepp i Vinje. Verka hans, og kunstnarvenen Harald Kihle, ser du i biletgalleriet, som ligg gøymt inne i skogen.
Vinjestoga. Barndomsheimen til Olav Aasmundson Vinje.
Last updated: 01/02/2024
Source: Vest Telemark
Mjonøy - Smørklepp kunstmuseum