Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Sør-Fron

TripAdvisor rating of 4.5

6

Mat på Sygard Grytting

Vår mål er det beste av heimelaga mat med røter i lokal tradisjon og spesialitetar. For boende gjester og grupper ved bestilling i forkant.

Vi ønskjer at måltidene skal stå til omgivnadene og danne ei heilskapeleg oppleving. Derfor er målet det beste av heimelaga mat med røter i lokal tradisjon og spesialitetar. Råvarene er hovudsakleg basert på garden og områdets produksjon, og maten blir laga frå grunnen av.

På menyen står rettar av lam, elg, rein og fjellfisk. Supper og sausar blir laga av skikkeleg kraft. Garden tilbyr spesialsortiment av gardens lam og eigendyrka økologiske poteter. Dessertane er i hovudsak basert på bær og frukt frå eigen hage. Spesialitetar er "sø" og "kål", - tradisjonsrike lokale supperettar. Brød, flatbrød og kaker er heimebakt, og syltetøy er gardens eige. Menyane byr på spanande sesongvariasjonar.

I sommarsesongen blir overnattingsgjester servert ein 3 rettars fin middag kl.19.00 i Spisestugu i Nedre bygningen. Ved bryllaup/større selskap blir Høgstugu (salen) i Inn-huset (tidl. hovudbygn.) nytta. I mellomalderherberget kan grupper bestille mellomaldersk mårråverd/frukost og kveldvord/middag.

Last updated: 04/15/2022

Source: Visit Lillehammer

Mat på Sygard Grytting

Senest besøgte sider