Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

MÅLØY

Måløyraidsenteret

Book
Måløyraidsenteret

Måløyraid senteret viser originale bilete og metervis med original film frå Måløyraidet 27. desember 1941. Senteret ligg sentralt i Måløy.

Tidleg morgon, 27. desember 1941; Julefreden bryt med eit brak. I løpet av 10 minutt fell over 560 engelske bomber over Måløy. Dei neste seks timane er det full krig; flybomber, gatekampar og skyting frå krigsskip. Gjennom det øyredøvande bråket; lyden av ei lys sekkepipe.

Originale bilete frå raidet og metervis med original film blir vist i ei levande utstilling som har rørt tusener av besøkande. Utstillinga viser og originale uniformer, sekkepipa til Mad Jack og Martin Linge´s pistol, og du kan kjenne lukta av julebakst og eksplosjoner.

I tillegg til utstillingen om Måløyraidet er det utstillingar om Martin Linge, Kompani Linge og om den vågale Shetlandsfarten. Du kan også få vite meir om korleis det var å vere tysk soldat i Måløy under krigen.

Senteret ligg sentralt plassert midt i Måløy sentrum med parkering på torget og gode kaféar i umiddelbar nærleik.

Gruppetilbod

Måløyraidsenteret er ope utanom annonserte opningstider etter nærare avtale. Etter avtale kan Måløyraidsenteret stille med guide.


Last updated: 03/26/2024

Source: Visit FjordKysten

Måløyraidsenteret

Book

Senest besøgte sider