Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Aktiv i Lom | Lom aktivitetspark

Lom aktivitetspark ligg midt i Lom sentrum med klatretårn, gyrotrampoline, 9-hulls minigolfbane, pedal gokartbane og pump-trackbane.

Om du er i Lom med ungar, kan du fylle ein heil dag i Lom aktivitetspark, for her er det både klatretårn, gyrotrampoline, 9-hulls minigolfbane, pedal gokartbane og pump-trackbane. I tillegg til nedgravde trampoliner og sandkasse!

Aktivitetsparken ligg midt i Lom sentrum, ved Sport 1 Lom, og er godt synleg frå vegen (RV. 15). Her finn dykk mange aktivitetar for barn, unge og heile familien.

På gyrotrampolinane er du sikra med sele og festa i kraftige strikkar, slik at du kan hoppe høgt til vêrs og dette "kontrollert" ned att. Her får du kjensla av å fly - og det er like moro for ungar som for vaksne!

Klatretårnet i Lom er eit 16,5 meter høgt tårn med ulike klatreflater. Her kan både små og store utfordre høgdeskrekken i nett, stiger og klatretak. Dette er eit klatretårn for alle, ikkje ein «ekstremsportvariant». Og du treng ikkje vere redd for å dette ned, for du er heile vegen sikra med automatsikring, som tek deg trygt og roleg nedatt om du mister grepet. Klatretårnet har 8 ruter og eit spektakulært hopp frå toppen; Lomsbykset. 

Utanfor området er det og vanlege trampoliner og skaterampe, og minigolfbane. Aktiv i Lom leiger ut diskar til diskgolf-bana i Bøverdalen, ca 15 km frå Lom sentrum.

Du er velkomen til å ta kontakt med ungdommane som jobbar her, og få nyttig informasjon om aktivitetar du kan nytte deg av i Lom og Jotunheimen.  

Velkommen til ein aktiv ferie med Aktiv i Lom!

Last updated: 06/22/2023

Source: Visit Jotunheimen AS

Aktiv i Lom | Lom aktivitetspark

Senest besøgte sider