Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Kviteseid

TripAdvisor rating of 5

1

Kviteseid bygdetun

Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av dei finaste stabbura i heile Telemark! Her er også ei skulpturutstilling etter Gunnar Utsond.

Kviteseid bygdetun er eit av dei eldste friluftsmusea her i landet, og vart etablert attende i 1907. Samlinga formidlar 12 ulike bygningar som er flytta hit frå ulike gardar. Her finn du blant anna Tveitloftet frå før svartedauden og Flekstveitstoga.

I Utsondhalli vert bilethoggaren Gunnar Utsond presentert, i tillegg til skiftande utstillingar. 

Bygdetunet ligg rett ved Kviteseid gamle kyrkje og Kviteseid gard. Den gamle steinkyrkja vart bygd rundt 1260 og er ei av to steinkyrkjer frå mellomalderen i Vest-Telemark. Staden var lenge eit økonomisk, politisk, religiøst og kulturelt sentrum i Vest-Telemark, strategisk plassert der landevegen og vassvegen kryssar.

Kviteseid bygdetun skal gje eit inntrykk av korleis ein velståande gard såg ut for omlag 200 år sidan. Hovudhuset er Flekstveitstoga, der fyrste høgda er frå 1600-talet, medan andre høgda vart bygd på i 1738.

Stoga nede er rosemåla av «den fyrste rosemålaren i Telemark» Talleiv Halvorson Espetveit (ofte berre kalla «Talleiv Målar»).

Av andre hus kan ein nemne Tveitloftet frå 1300-talet, Flekstveitloftet frå 1700-talet og vesleburet frå 1500-talet.


Utsondhalli
Bilethoggaren Gunnar Karelius Utsond vart født i Kviteseid i 1864 og vaks opp på plassen Utsond. Han vart elev på Teikneskulen i Oslo under Julius Middelthun allereie som 17-åring. Gunnar Utsond utdanna seg til tannlege, men det var arbeidet kunsten og skulpturane som tok mesteparten av tida hans.

Gunnar Utsond debuterte på haustutstillinga med skulpturen «Gut som spikkar».

Utsond er best kjend for skulpturen «Helferd» som vann gullmedalje ved verdsutstillinga i Paris i år 1900. Anna arbeid er bl.a. «Havet gav sine døde tilbake» og monumentet over Johan Sebastian Welhaven. Kunstakademiet vart stifta i 1909, og fram til 1921 hadde Gunnar Utsond den fyste professorstilling ved akademiet.

Det blir sagt at i sine fyrste arbeid var Utsond nyromantikar med sterk sans for naturalismen. Seinare vart det ein friare haldning til motiv og komposisjon. I hans siste år blir uttrykket meir omtalt som grotesk symbolisme.

Gunnar Utsond gav skulpturane sine til Kviteseid kommune før han døydde og desse er i dag samla i Utsondhalli på Kviteseid bygdetun.

Les også: Dei fire store - Bilethoggarar frå Vest-Telemark

Museet har ope i sommarsesongen, og elles heile året på bestilling. Det er enkel servering, våre vaflar er kjend for sin gode smak. Ein fredfull plass og ein stoppestad for mange langs si reise på riksveg 41. Kafeen er åpen tirsdag til søndag fra kl. 11:00 til 17:00

Kviteseid gamle kyrkje
Kviteseid gamle kyrkje er ei steinkyrkje bygd i romantisk stil – frå 1100-talet og er vigd til St. Olav. I mellomalderen vart det bygd flest trekyrkjer (stavkyrkjer). Steinkyrkjer vart særskild reist i maktsentra.
Kviteseid gamle kyrkje var hovudkyrkje i prestegjeldet, og ligg der vassvegen og landevegen aust-vest kryssar. Rett nedom kyrkja var også ein viktig handelsplass Kauphamar også kalla Hollendarodden.

Les kva Kviteseid historielag skriv om den gamle kyrkja.

Museet er ope i sommarsesongen. 


Last updated: 04/05/2024

Source: Vest Telemark

Kviteseid bygdetun

Senest besøgte sider