Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

FITJAR

Sykkeltur i Kråko Sjøhytteområde (13,5 km)

Dette er ein variert tur som går på ein lite trafikkert veg i det naturvene hytteområdet Kråko.

Dette er ein variert tur som går på ein lite trafikkert veg i det naturvene hytteområdet Kråko. Enkel/middels vanskegrad.

Lengde

13,5 km

Tid

1 t Maks.

Høgde

54 m

Underlag

Asfalt

Turomtale

Start turen i Fitjar sentrum, der du blant anna finn sykkelutleige og Syklist Velkomen verksemd. Følg gang og sykkelstien langs Vestbøstadvegen på sjøsida. Etter knappe 3 km tek du til høgre ned mot Kråko gjestetun, Fitjar Laks og Kråko Sjøhytteområde. Like etter tek du til høgre igjen ut mot Kråko Sjøhytteområde. Fortsett til venstre. Du kjem no ut til eit flott hytteområde med mykje fin natur, og syklar du heilt til endes kjem du til sjøen. Om ein ynskjer ein litt lengre tur kan ein etter om lag 6,5 km ta til høgre opp til Vesthaugane Hyttegrend. Dette er ein liten rundtur der du finn to bord og benkar.

Ta til venstre att når du kjem rundt og følg same vegen tilbake til Fitjar sentrum.

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Sykkeltur i Kråko Sjøhytteområde (13,5 km)

Senest besøgte sider