Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Skulestadmo

Klatrepark Lita & Mikro Løyper, Pakke frå Voss Active

Dei små løypene er super for mindre born, eller for dei som tykkjer dei store løypene vert for tøffe. (For dei over 100cm)

Parken ligg i naturskjønne omgjevnadar like ved Strandaelva i Åsbrekkegjelet.
Løypene er varierte, morosame og utfordrande for både born og vaksne.

I parken er det 23 element + 4 zipliner, fordelt på fire små løyper, for dei over 100 cm.
Totalt er det over 60 element fordelt på stor, lita og mikro løype.

Mikro løypa er kun 1-2 meter høg og perfekt for mindre born medan lita løype er 6-7 meter over bakkeplan og passar for born som ynskjer litt større utfordringar. Alle løypar avsluttast med ein zipline! Område for dei minste er hovudsakleg for born, men vaksne kan og delta. Langs mikroløypa er det mogleg for foreldre å fylgje borna frå bakkeplan og hjelpe dei om nødvendig.

Opningstider
Helger: 11. mai - 13. okt
Kvar dag: 22. juni - 25. aug

Ekstra Opningstid:
20. mai & 7. - 11. oct

Booking
Bestill online!
«Drop in» gjestar er ikkje garantert plass

Info
Rekn ca. 2-3t
Billetten inkluderar 23 element og 4 zipliner
Parken opnar kl10:00*
Innsjekk 15 minuttar før bestilt klatring
Siste innsjekk kl. 15:00*
Normalt stengar parken rundt 17:00*

*Kan variere noko avhengig av vær

Du treng
Gode sko
Kle etter vær høve
Delta på instruksjon, ved innsjekk

Praktisk info og krav
Krav: min. 100cm, maks 120kg

Born under 5år må har ein vaksen med i løypa
(maks 2 born per vaksen)

Born frå 5år til 15 - ein vaksen vere til stades
( i klatreparken, men treng ikkje bli med i løypa)

Ein vaksen må signere erklæringa for dei under 16år

Last updated: 02/28/2024

Source: Destinasjon Voss

Klatrepark Lita & Mikro Løyper, Pakke frå Voss Active

Senest besøgte sider