Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Sogndal

Kjørnes Camping & Fjordhytter

Kjørnes Camping og Fjordhytter i Sogndal vart i 2014 kåra til Norges beste campingplass av Norsk Bobil og Caravanklubb.

Kjørnes Camping ligg vakkert til ved Sognefjorden. Med sin lokalisering midt i "fjordriket" er Kjørnes Camping eit perfekt utgangspunkt for opplevingar ved Sognefjorden og andre attraksjonar som b.a Jostedalsbreen. Kva med guida breturar? Kajakk på Sognefjorden? Juving i breelvar? Sykkeltur? Vi kan også anbefala, vandreturar i nærområdet eller til Molden i Luster, eller båtturar, stølsbesøk på Anestølen. Mangfaldet er enormt. 

Vi kan tilby 14 hytter, 2 leilegheiter, 100 plassar for bubilar, campingvogner og telt – alle med straumuttak. 5* servicebygg inneheld sanitærrom, vaskerom og kjøken. Plassen ligg på eit nes tett ved Sognefjorden, i rolege og vakre omgjevnader. Gode turmoglegheiter i nærområdet. Kveldssol.

Plassen ligg i rolege omgjevnader, nær Sogndal sentrum og med strandlinje på meir enn 1 km.  

Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Kjørnes Camping & Fjordhytter

Senest besøgte sider