Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Kinnakyrkja på Kinn

På øya Kinn ligg ei vakker steinkyrkje frå mellomalderen. Om sommaren er det ope kyrkje som du kan besøke

Den sagnomsuste Kinnakyrkja er bygd i romansk byggjestil, truleg ein gong på 1100-talet. Kyrkja er den eldste og einaste i sitt slag i Sunnfjord, og er eit av dei flottaste mellomalder-monument på Vestlandet. Fjellveggen bak kyrkja reiser seg steilt opp, og den ruvande Kinnaklova er næraste nabo. Den berømte Kinnaklova er eit kjend seglingsmerke langs skipsleia.

Kvar ligg Kinnakyrkja?

Kinn kyrkje ligg på øya Kinn utanfor byen Florø i Kinn kommune. Ta den lokale rutebåten frå Florø til Kinn. Etter at du stig i land på Kinn kan du følgje vegen til høgre mot Kinnakyrkja. Turen til kyrkja tek om lag 20 minutt i roleg gange langs ein 1 km lang grusveg.

Kvar tid er Kinnakyrkja ope?

Kvar sommar frå midten av juni til august er det ope kyrkje slik at du kan ha ein stille stund og sjå deg omkring. Eit frivillig vertskap tek imot deg og er med deg i kyrkja i opningstida. Det vil vere enkel tidebøn to gonger om dagen.

Her kan man overnatte på Kinn

Ønskjer du å overnatte på Kinn? Då kan du sjekke inn på DNT-hytta på Kinn.

Kilde: Visit FjordKysten

0

Kinnakyrkja på Kinn

Senest besøgte sider