Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Kinn

Kinn DNT-hytte

Opplev Sagaøya Kinn. DNT-hytta på øya er tilgjengelig heile året.  

Overnatt i det gamle skulehuset på øya Kinn og utforsk øya vest i havgapet.

Kinn DNT-hytte

Skulehuset på Kinn vert drive av Flora Turlag. I 1. etasje finn du skulestova, og på loftet hadde læraren eit rom og kjøkkken. Hytta har kodelås på døra.

Dette må du ha med deg

Det er viktig å hugse lakenpose, sengetøy og handkle når du skal overnatte på DNT-hytta på Kinn. Veiret er skiftande så langt vest i havet, så det er viktig å ta med regn- og vindtette kle.

På hytta er det fullt utstyrt kjøkken, skulestove, sovesal på loftet og eit dobbeltrom. Hytta er utstyrt med varmepumpe, og det er dusj og toalett. Det er anbefalt å koke vatnet i springen før bruk.

Treng du hjelp med bagasje og liknande finn du ei tralle ved hytta som kan brukast til dei formålet.

Øya Kinn

Kinn har ei rik historie med Kinnakyrkja frå 1100-talet som eit høgdepunkt. Segnene om heilagfolket og sankta Sunniva som kom over havet frå vest og stranda på Selja og Kinn har alltid gjort inntrykk på folket her. Det kjende seglingsmerket "Kinnaklova" ligg vest på øya. På øya ligg og den gamle handelstaden i Kinnasundet frå 1600-talet, og like ved øya ligg det store havfyret Ytterøyane Fyr som vart bygd i år 1881. Naturen på den grøne øya heilt vest i havet er heilt unik. Her får du det vide utsynet og solnedgangen i horisonten.

Turmoglegheiter

Det er mange turmoglegheiter på øya Kinn. Omkring øya er det merka sti. Denne stien er ein del av kystpilegrimsruta Sunniva. Langs denne stien har Flora historielag sett opp merket ved fornminnen som er på øya. I tillegg er det sett opp pil ved starten og merka sti til Kinnafjellet. Denne stien går frå vegen på nordsida av øya. Det er også merka sti opp på Søre Stauren. Søre Stuaren er den sørlege toppen i "Kinnaklova" og stien opp hit tek til i Høgskaret som er det høgste punktet på stien som går omkring øya.

Det er også mange som går tur opp i Kinnaklova. Her går ein opp frå austsida, og det er ein del lausmasser på vegen opp i klova.

Kinn inngår som siste stopp på arrangementet "Øyane Over" som Flora Turlag arrangerar kvar vår i mai. På øya vert også det historiske spelet "Kinnaspelet" framført. Spelet vert halde 3. helga i juni, og det er over 100.000 som har sett spelet til no. Det er fantastiske padlemoglegheiter med Kinn som utgangspunkt.

Ankomst

Det går rutebåt frå Florø til Kinn. Frå kaia til hytta er det om lag 1 km langs god grusa veg. For båttider, sjå www.entur.no

Praktisk informasjon

Ubetjent overnatting med sengeplass til 9 personar. Du kan leige hytta heile året.

Last updated: 01/29/2024

Source: Visit FjordKysten

Kinn DNT-hytte

Senest besøgte sider