Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

HELLESYLT

Kajakkurs i verdensarven

Book

4-timers kurs som gir våttkort. Vårt mest populære kurs!

Bli med på kajakkurs i den berømte UNESCO Geirangerfjorden fra Hellesylt. Eit 4-timers kurs som gir våttkort. Her blir ein introdusert til kajakk og utstyr. Kurset har som mål å motivere for vidare padling, og at ein er blitt kjent med kajakk, åre, vest og spruttrekk. Eit perfekt utgangspunkt for grunnkrus i både elv og hav. Kurset passer for deg som aldri har padlet kajakk før, og deg med litt erfaring. Instruktørene er profesjonelle elvepadlere utdannet innenfor Norges Padleforbund sin våttkortstige og utdannet guider gjennom norsk naturguideforbund.

Eit typisk kurs begynner på Fjord Nature bascamp med ein kaffekopp, introduksjon av utstyr og ein liten sikkerheitsbrief. Deretter er det på tide å tilpasse utstyret, før vi kjem oss ut på vatnet. Vi begynner med lett teknikk og kontroll av båten. Hofte og overkropp får ofte trent seg litt her. Når vi har blitt trygge i kajakken er det på tide å tippe rundt og trekke seg ut. Dette er noko som mange gruar seg til, men det viser seg ofte å være det aller kjekkaste på heile kurset. Instruktøren kan stå rett ved sida av første gongane, for at det skal følest enda tryggare. Mot slutten av kurset tar vi oss ein lenger padletur og går gjennom dei viktigaste redningsøvelsane og teknikkane. Dette gjer at ein for ei god oppleving og får testa ut det vi har trent på i løpet av kurset. 

Etter at kurset er ferdig kan ein gratulere med gjennomført introduksjonskurs i kajakk, få utdelt våttkort og håpe på mange flotte padleturar i framtida.

Kurset foregår i Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden som er verdenskjent for sin fantastiske natur. Dette er ei perle som er perfekt for padling, da det er skjerma for dårleg vær i tillegg til at det er noko av den mest utrolege naturen Norge kan by på. Hit kjem folk frå heile verda for å padle i fjordane og oppleve området rundt.

Inkludert

-Kajakk, åre, vest og spruttrekk

-Tørrdrakt

-Instruksjon

 

 

 ​​​

Last updated: 01/29/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Kajakkurs i verdensarven

Book

Senest besøgte sider