Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Lærdal

Kafe Borgund Stavkyrkje

Kafe Borgund Stavkyrkje

Velkommen til kafeen i Borgund Besøkssenter - utsikt mot nydeleg landskap og Kongevegen i Lærdal.

Kaféen i besøkssenteret har servering gjennom sesongen. Det er sitjeplassar inne og ute.

Her får du mat i helgane. Eksempel; stor tallerken heimelaga suppe med poteter, grønsaker og bønner for kr. 110,- per person.

I besøkssenteret finn du ei utstilling om stavkyrkjene sin innverknad på det religiøse livet i mellomalderen.

Her finn du også utstillinga «Unike vikingtidsfunn» frå verkstadleiren Bjørkum i Lærdal, som vart funnen i 2009. Funna frå folkevandringstid og tidleg vikingtid (datering av leiren er 650-850 e. Kr.) er svært rike. Mellom anna inneheld dei ein av verdas finaste kammer frå vikingtid.

NB: Du må løyse billett til kyrkja/besøkssenteret for å få tilgang til kaféen. Senteret er ope 10-17 kvar dag.

Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Kafe Borgund Stavkyrkje

Senest besøgte sider