Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

TripAdvisor rating of 4

40

Juvasshytta | Turisthytte

Book

Juvasshytta er Noregs høgstliggjande fjellstue og nærmaste utgangspunkt for turar til Galdhøpiggen.

Juvasshytta er ei familiedreve fjellstove med tradisjonar frå 1884, og det nærmaste utgangspunktet for turar til Galdhøpiggen. Hytta ligg 1840 moh. og er Nord-Europas høgstliggjande "fjellstugu".

Vi tilbyr overnatting på 2-4 sengs rom med dusj/WC og oppredde senger. Fine, nyoppusa rom. 3-5 sengs rom med dusj/WC i korridor der du må ha med sengetøy sjølv.

Om du ynskjer å unne deg litt ekstra luksus i forbindelse med tur til Galdhøpiggen, bør du ta ein titt på "Juva", nybygget ved Juvasshytta som stod ferdig våren 2020. Konstruksjonen på bygget er av massivtre. Her finn du mellom anna 10 dobbeltrom med eigne bad og heilt unik utsikt. Her kan du ligge på dobbeltsenga og sjå rett opp på Galdhøpiggen!

I restauranten serverar vi alle måltider. Frukost, enkle lunsjrettar, middagsservering med 3 rettars middag kvar dag. Øl og vin servering.

Guida turar til Galdhøpiggen kvar dag i høgsesongen, sjå under for tider. Møt opp seinast ein halv time før avgang. Billettar blir selt i resepsjonen og på nett.

På toppen ligg Galdhøpigg-hytta der du kan nyte nistepakka di. Sal av varm og kald drikke, T-skjorter, pins og kort med Galdhøpiggstempel på. Vil du nyte skisporten sine gleder, er Galdhøpiggen sommarskisenter berre 15 minutt unna til fots.

Last updated: 01/18/2024

Source: Visit Jotunheimen AS

Juvasshytta | Turisthytte

Book

Senest besøgte sider