Så er der åbent for de fleste danskere! Se den seneste information om coronavirus og din rejse til Norge
close
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Innlandet VÅGÅ

Jostigen - den bratte "direkteruta" til Besseggen

  • +47 61212990
  •  /  km From You
Overview

Har du høyrt om Jostigen? Du treng ikkje vere filosof eller reinsjeger for å gå i Jo Gjende sine fotspor til Besseggen langs den bratte "direkteruta" til Besseggen.

Har du høyrt om Jostigen? Du treng ikkje vere filosof eller reinsjeger for å gå i Jo Gjende sine fotspor til Besseggen langs den bratte "direkteruta" til Besseggen.

Besseggen er ein av dei mest populære og spektakulære fotturane i Jotunheimen - kjend for utsikta over det mørkeblå Bessvatnet og smaragdgrøne Gjende. Turen via Jostigen er ein luftig og spanande tur i variert terreng - med utfordring til både motorikk, balanse og høgdemestring!

Jostigen er oppkalla etter den kjende lokale fritenkjaren og jegeren Jo Gjende, som levde i fjella rundt Gjende frå midten av førre århundre. Jo Gjende måtte ha ein rask adkomst til toppane rundt Besseggen for å jakte reinsbukk, når reinen sto høgt til fjells.

Turen startar ved Gjendeosen, på merka sti mot Memurubu, før det går rett til vers mot Besseggen! Bratt, luftig og heftig! Det er anbefalt å gå turen med guide eller kjentmann. 

Når du går Jostigen kjem du opp frå "steinrøysa" mot Gjende, og rett opp på sjølve eggen og det som er det mest kjende partiet på turen over Besseggen. På veg oppover eggen har du panoramautsikt over fjellvatna Bessvatnet og Gjende. Den sterke grønfarga på Gjendevatnet oppstår når små breispartiklar i vatnet blir reflektert av sola. 

Etter å ha klatra opp sjølve eggen, kjem du til Veslefjell, som er det høgaste punktet på turen, 1743 meter over havet. Punktet er markert med ei stor steinvarde. 

Vintertur over Besseggen: 
Har du sett den Gjendin-eggen nokon gong - kledd i kvitt?

Kvart sommarhalvår går nærmare 60.000 den klassiske fjellturen over Besseggen i Jotunheimen. Om vinteren kan du ha eggen for deg sjøl. Turen tek 6-8 timar, og startar ved turisthyttene Bessheim eller Gjendesheim, ved Valdresflya. Ein går da på ski opp til Bessvatnet, som er islagt om vinteren, kryssar dette og stig opp til "bandet" før sjølve eggen tek til. Her tek ein skia på ryggen. Stegjern og evt. isøks kan vere lurt. Hugs å ha sekk med gode fester til ski. Vidare går turen opp til Veslfjellet før nedkjøyring mot Bessvatnet og ned att til startpunktet. Om du ynskjer å planlegge vintertur over Besseggen, kan du kontakte Gjendeguiden. 

Meir informasjon om Besseggen: Besseggen.net


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS

Facts

Effort Level
Challenging
Duration
7 timer
Landscape
Mountain area
Season
Summer
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages