Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Stryn

Hydlaparken

Klatrepark for store og små! I Hydlaparken kan du leike deg i klatreløyper mellom tretoppane, hyle deg gjennom zip-lines, utfordre deg i pumptrack’en eller slappe av med ein kopp kaffe.

Dei minste kan boltre seg i miniHYDLA, dei tøffaste kan hoppe frå Hydlaspranget og kjenne på eit skikkeleg sug i magen!

Over moreneryggen som klatreparken er bygd på ligg det flotte stiar ein kan gå på. Her er alle velkomne og vi legg vår stoltheit i å kunne tilby aktivitetar for folk i alle aldrar.

Nytt i 2021
Møt Ekornet Hydle! Ein liten sjarmør som kjenner på høgdeskrekken. Dette er sjølvsagt ei lita utfordring for eit ekorn, men likevel er han positiv og glad. Med sjarm og godt humør gjer han det han kan for å motivere både seg sjølv og andre som har den same utfordringa.

Hydle kan du møte kvar dag i fellesferien. Han stiller opp med sitt gode humør og inviterer til eit lite skodespel for heile familien.

All nødvendig informasjon finn du på www.hydlaparken.no

Velkomen til ein actionfylt dag der du har gode moglegheiter til å pushe dine eigne grenser og kjenne på følelsen av meistring!

Last updated: 03/26/2024

Source: Nordfjord

Hydlaparken

Senest besøgte sider