Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
  • Overnatning

    Scandic Hotels - i alle større byer fra nord til syd

    Nordic Choice Hotels - en anderledes hotelkæde

    Thon Hotels - fantastisk morgenmad inkluderet

    Radisson Blu Hotels - book dit hotel i Norge

    Citybox - moderne lavprishoteller med central beliggenhed

    DanCenter - din feriehusekspert i Norge

    Norgesbooking - bestil den perfekte hytte i Norge

    Campcation –  Book camping over hele Norge med Campcation

  • Rejs hertil og rundt

    Vy - det skal være let at rejse grønt

    SJ NORD - eventyret starter i toget

    Vy express - gør det let at rejse grønt med bus

    NOR-WAY Bussekspress - grønne busrejser

    DFDS - sejl nemt og bekvemt fra København til Oslo

    AutoEurope - altid en god billeje-oplevelse

    Rent-A-Wreck - det smarte lejebilvalg

    Arctic Campers - lej en autocamper i Norge

    Nordic Campers - den eneste rigtige måde at se Norge!

    Cabin Campers - din hytte på fire hjul

    Widerøe - Skandinaviens største regionale luftfartsselskab

  • Ture og rundture

    Hurtigruten - 'Verdens smukkeste sørejse'

    Authentic Scandinavia - spændende ture i Norge

    Up Norway - skræddersyede rejser

    Norrøna Hvitserk - ekspeditioner og eventyrferie

    Brim Explorer - Stille fjordture med elektrisk katamaran

    Fjord Tours - oplev Norge i en Nøddeskal® med bare én billet

    Fjord Travel - bæredygtige flerdagesture

    Go Fjords - ture og aktiviteter over hele Norge

    50 Degrees North - uforglemmelige, skræddersyede ture i Norge for mindre grupper

    Discover Norway - færdigpakkede ski-, cykel- og vandreture i Norge

    Norwegian Holidays - pakkerejser til lavpris med Norwegian. Fly, hotel og lejebil

    Booknordics.com aktiviteter, safari, udflugter, ekspeditioner, hytter og eventyrophold

    Expa Rejser -  Oplevelser og udfordringer

    Stromma - sightseeing, udflugter og oplevelser med bus, båd og minitog.

  • Offers

Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland BREMANGER

Hornelen

  •  /  km From You
Overview

Om du går og ber på ei heks eller eit troll: Slepp dei laus på på toppen av den høgaste havklippa i Europa - Hornelen. Frå toppen av Hornelen stuper bergsida 860 meter ned i fjorden. Heksene brukar å kvile her oppe, på vegen til og frå Bloksberg. Mot vest ser ein langt ut i havet. Salige kong Olav Tryggvason klatra visstnok opp bratte bergveggen på Hornelen, men vanlege dødelege går ein lengre og slakare tur - enten frå Berleneset eller Hunskår. På toppen er det visst mange forsteina troll, så møter du ei heks, bør du by på ein kjeks. Bestig Europas høgaste sjøklippe! Vandring på Hornelen er for deg som er ute etter ei spektakulær oppleving. Ynskjer du guida tur kan dette bookast på våre sider gjennom Knutholmen eller Norway Adventures.

Stien kan vere nokså krevjande og bratt, men til gjengjeld kan ein nyte fantastisk utsikt undervegs. På toppen er det storslått panoramautsikt. Her ser du det varierte landskapet regionen vår har å by på – alt frå tronge fjordar og høge fjell til små øyar yst i havgapet. Om du vågar, kan du legge deg på kanten av stupet og kikke nesten loddrett ned på båttrafikken 860 meter under deg. Denne turen kjem du aldri til å gløyme!

Det er to ruter opp til Hornelen, med start frå enten Hunskår eller Berlenset. Den flottaste utsikta får du om du går opp frå Hunskår og ned til Berleneset.


Start Hunskår:
Start ved enden av vegen på Hunskår. Stien er godt merka med raude T-ar og vardar, og ein går først i same retning som bilvegen, over Ramarhammaren, før ein svingar mot sørvest. Første del av stien kan vere litt fuktig, men etter ca 200 høgdemeter kjem ein innpå tørr sti. Stigninga opp til 500 moh. er jamt bratt på gras- og lyngmark. Her har ein flott utsikt mot Skatestraumen, Rugsund og Måløy. Ein kjem til eit vatn, og her kan ein gjerne ta ein lengre pause og nyte noko av nista. Dei siste 250 høgdemetrane før ein kjem opp på platået går i meir steinlendt terreng og med brattare og flatare parti. Resten av turen er med svak stigning, ein liten unnabakke og ca 100 meter med brattare stigning mot toppen.

Turen opp er bratt, men ruta ligg trygt i terrenget og bør vere muleg å gjennomføre også for dei med litt høgdeskrekk. Det er tilgang på vatn heile vegen opp. Til toppen vil turen ta ca 4 timar.

Når du kjem på toppen er den fantastiske utsikten lønn for strevet. Det er bygd ei lita steinhytte på toppen av Hornelen, og her ligg også eit norsk flagg du kan heise om veret tillet det!

Om ein ynskjer ei slakare nedstigning og litt anna utsikt, kan ein gå ned til Berleneset. Returen ned til Berleneset følgjer same rute som vegen opp det første stykket, før stiane delar seg og ein tek sørvestorver. Her går ein inn på ein god sti i fjellsida over Frøysjøen. Stien går litt opp og ned i terrenget utover mot Berleneset. Etter 1,5 – 2 timar kjem ein ut på ryggen, og ein ser ned i Berlepollen. Frå ca 200 moh. er det eit litt bratt parti, men stien er tydeleg og det er fint å gå. Den siste strekningar går i lyng og på berg, og ein kjem ned på austsida av Berlepollen.

Start Berleneset:
Denne ruta er noko lenger enn frå Hunskår, men lettare å gå – ei løype som egnar seg godt til ein lang familietur. Likevel er det nødvendig med litt fjelltrening før ein legg ut. Ruta gir deg ei stor naturoppleving med fantastisk utsikt!

Ein startar frå Lisete på Berleneset. Stigninga i begynnelsen er ganske bratt, men det flatar ut etterkvart og det blir ei meir gradvis oppstiging. Stien er godt og tydelig merka. På siste del av stien mot toppen kjem ein inn på stien frå Hunskår.


  • Last Updated:
  • Source: Nordfjord
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages