Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Tokke

Helveteshylen

Rundtur ut frå Dalen der du kryssar Tokkeåi via hengebrua over Helveteshylen.

Om turen 

Middels krevjande tur kor du gjennom informasjonstavler undervegs får formidla historier om tømmerfløtinga i Tokke og korleis fossen fekk tilnamnet Helvete, om storauren i Tokkeåi og om garden Åsland som var tingstad i mellomalderen.

Turen startar ved Tokke kulturhus og etter cirka 2 kilometer kjem du til hengebrua over Helveteshylen. Namnet på staden er eigentleg Nederbø, men fekk tilnamnet Helvete i tømmerfløtningsdagane då fossen skapa store utfordringar for fløterane. Nederbøfossen fekk difor tilnamnet Helvetesfossen og brua vart bygd over Helveteshylen. Om hausten kan du frå hengebrua sjå storauren når den gjeng opp Tokkeåi for å gyte.

Etter hengebrua går turen vidare gjennom gamalt kulturlandskap, inn i skogsterreng og opp nokre fine, bratte lier. Når du nærmar deg Dalen kjem du til eit flott utsynspunkt tilrettelagt med kvilebenk. Etter nedstiginga frå utsynspunktet går turen om den gamle storgarden Åsland, som var tingstad på 1300-talet. Her kan du på ny nyte utsynet over Bandak og Telemarkskanalen, før du returnerer til startpunktet ved Tokke kulturhus.

Sesong
Mai-oktober

Varigheit
Rundtur 3 timar

Gradering
Blå (middels krevjande) 

Last updated: 01/02/2024

Source: Vest Telemark

Helveteshylen

Senest besøgte sider