Skip to main content
Unknown Component
civid: 585d8282ff94e0619794c81a
name: plugins_common_social_share (widget)

Ulvik

Hardanger Panorama Lodge

Book

Ta overnattinga høgt i fjelltoppane over Ulvikfjorden. Hjå Hardanger Panorama Lodge får du ei heilt unik overnatting med opphald i høgda av Ulvik med ei spektakulær utsikt. Hytta er fullt utstyrt med plass til opp til 7 personar.

Overnatt mellom tretoppane med panoramautsikt over fjordlandskapet! Hardanger Panorama Lodge i Ulvik er ei tretopphytte som står på 7,6 m høge søyler. Hytta er 54 m² fordelt på tre etasjar, og har store vindauge slik at naturen er del av interiøret. Her er tre soverom og sengeplass til seks personar (eit rom har òg ein sovesofa). Kjøkkenet er fullt utstyrt, i tillegg til bad med toalett og dusj og eit triveleg opphaldsrom. Hytta har to terrassar, ein takterrasse og ein terrasse med glasgolv i første etasje. Ved hytta er grillplass og parkeringsplass med moglegheit for lading av elbil.
Sengetøy kan leigast, men dette må informerast om ved bestilling. Om du ynskjer det, kan ferdige måltid leverast frå Hardanger Gjestehus. Syse Gard kan og levere og eigenproduserte pølser, eplesaft og syltetøy direkte til hytta. Eit opphald i trehytta er ei oppleving utanom det vanlege!


Praktisk info:

Hytta er 54 m2

3 soverom

Sengeplass til 6 personar (3 dobbeltsenger, 1 enkeltseng, samt mogleg med 1 ekstra seng)

Innlagt vatn, dusj

Oppvarming med strøm

Strøm, vannklosett

Fullt utstyrt kjøkken

Wifi

Parkeringsplass med lading til el-bil


Ta med eige sengetøy. Sengetøy kan også leigast - gje då beskjed om dette ved booking.

Last updated: 03/26/2024

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Hardanger Panorama Lodge

Book

Senest besøgte sider