Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Seljord

Hanakamjuvet

Lett rundtur som er fin å gå med barn. Undervegs kan du oppleve fossefall, historiske plassar, juv og gode utkikkspunkt.

Hanakamjuvet ligg flott til i Kivledalen ovanfor Seljord sentrum og er eit mykje nytta rekreasjonsområde både sommar og vinter. Når det er fint vêr, kan du få god utsikt over Seljord og Seljordsvatnet, der Sjøormen bur. Det er ein godt framkommeleg veg opp og parkeringsplass. Vi tilrår å køyre opp Gullnesvegen mot Kivledalen.

Frå parkeringsplassen 
Gå tilbake eit stykke langs bilvegen, tek til høgre og følgjer skiltinga opp mot Hanakamjuvet. Undervegs kan du oppleve fossefall, historiske plassar, juv og gode utkikkspunkt. For å få ein fin rundtur tek du til høgre når du møter bilvegen, og følgjer den tilbake til parkeringsplassen. Langs vegen er det mange fine naturområde. Eit alternativ er å følgje skogstien på nordsida av Hanakamjuvet tilbake til parkeringsplassen.

Last updated: 03/26/2024

Source: Vest Telemark

Hanakamjuvet

Senest besøgte sider