Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

SVANØYBUKT

Guida tur på Svanøy

Book

Opplev historiske Svanøy! Her får du guida omvising på Norsk Hjortesenter og Svanøy Røykeri.

Opplev historiske Svanøy!

Frå Florø seglar lokalbåten gjennom eit storslått landskap til Svanøy. Svanøy, kjent som «Sunnfjords perle», er den sørlegaste og frodigaste øya i Kinn kommune. På ein guida tur på Svanøy får du nærkontakten med hjorten på Norsk Hjortesenter, og du får innsikt i korleis Svanøy Røykeri får fram dei beste smakane frå laksen.

Guida tur på sommaren

Frå midten av juni til midten av august kan du bli med på omvising på Norsk Hjortesenter og Svanøy Røykeri. Transport frå Svanøybukt til Norsk Hjortesenter og Svanøy Røykeri er inkludert i billetten. Bålbillett tur/retur Florø kjem i tillegg og må kjøpast om bord i lokalbåten.

Reiseforslag

12.00 Avreise med lokalbåt frå Fugleskjærskaia i Florø

12.50 Framkomst Svanøybukt

12.50 Transport frå Svanøybukt til Norsk Hjortesenter

13.10 Omvising på Norsk Hjortesenter

14.00 Transport til Svanøy Røykeri

14.15 Omvising på Svanøy Røykeri

15.00 Vandring til Svanøybukt. Her er det mogleg å kjøpe deg ein is på den lokale butikken

15.20 Første moglegheit for avreise med lokalbåt frå Svanøybukt. Ankomst Florø 15.50

16.50 Andre moglegheit for avreise med lokalbåt frå Svanøybukt. Ankomst Florø 17.20

Svanøybukt

Svanøybukt er ein møteplass for både feriegjester og dei lokale innbyggjarane. Her finn du gjestehamn med straum, landhandel og kro. På landhandelen kan du få gratis kart over øya og leige sykkel. Ein sykkeltur på den frodige øya er ei flott oppleving! Ring gjerne til telefon 577 40 029 for å reservere sykkel på førehand. Like ved landhandelen ligg Svanøy kro.

Guida tur resten av året

Guida turar kan bestillast gjennom heile året på førespurnad. 

Last updated: 03/26/2024

Source: Visit FjordKysten

Guida tur på Svanøy

Book

Senest besøgte sider