Skip to main content
Unknown Component
civid: 586bfa310e794507bc2e0597
name: plugins_common_social_share (widget)

Valle

Gloppefoss - tur-retur 6 km

Gloppefoss er ein av dei høgste fossane i Setesdal. Få med deg denne storarta naturopplevinga. Frå RV9 går det turveg heilt inn til fossen.

Det er storslagen natur med høge fjell på båe sider. I dalbotnen renn elva Veiåne. Det tek om lag 2 timar å gå inn til fossen. Ein skal krysse elva fleire gonger, og normalt er det ikkje problematisk, då elva ikkje er djup.
Etter langvarig regnvêr aukar vassføringa kraftig, og ein lyt vurdere om kryssing av elva er trygt. Ved normale vêrtilhøve høver turen godt for familiar med born.

Parkering skal skje ved riksveg 9. Fyrste del av turen går på god grusveg. Frå snuplassen går ein vidare på god traktorveg. Vegen fylgjer vassdraget innover Veiåjuvet, og det er ein storarta naturoppleving. Det er ikkje hytter eller hus i området. Du treng ikkje kart for å ta turen, då vegen er lett å finne og fylgjer dalføret og vassdraget.

Fakta:
Stien startar om lag 9 km nord for Valle sentrum, like nord for Lunden Camping.
Varighet: om lag 2 timar ein veg.
Passar for: Familiar. 
Parkering: Utanfor bommen ved RV 9.
Søppel: Tek du sjølvsagt med deg.
Båltenning er strengt forbode! Tak med niste.

Last updated: 12/19/2023

Source: Setesdal

Gloppefoss - tur-retur 6 km

Senest besøgte sider