Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Galdhøpiggvegen | Sykkeltur til Juvasshytta

Ta med deg sykkelen til Nord-Europas høgastliggande bilveg, Galdhøpiggvegen - og trø deg gjennom ei 15 km. lang oppstigning til Juvasshytta!

Galdhøpiggvegen er ein av Europas tøffaste oppoverbakkar. Vegen ligg i Lom kommune i Oppland, ved foten av Noregs tak - Galdhøpiggen, og innbyr til ein vakker svettefest på sykkelsetet.

Galdhøpiggvegen er Nord-Europas høgastliggande bilveg, tek deg med på ei 15 km lang asfaltert oppstigning i variert natur, frå lun barskog til snaufjell, isbrear og permafrost.

Frå bunn til topp trør du 1400 høgdemeter med ei gjennomsnittleg stigning på 10%. På finvêrsdagar er utsikta spektakulær langs hele vegen, som startar 550 moh. ved Galdesand i Bøverdalen og stig opp til 1841 moh. ved Juvasshytta.

"Moroa" begynner etter å ha passert Raubergstulen turisthytte, 1000 meter over havet. Her er det meir eller mindre konstant stigning oppover mot toppen, langs asfalterte serpentinersvingar. 

Høgdepunktet for dei fleste er panoramautsikta mellom anna til Galdhøpiggmassivet og Glittertind ved vegens endepunkt. Galdhøpiggvegen er såpass bratt at han tidvis kan virke uendeleg, men du vil neppe angre på at du tok turen når utsikta over isbreen som leder til Galdhøpiggen (2 469 meter over havet) syner seg.

- Dette Noregs svar på Mont Ventoux, i følge tidlegare proffsyklist Ole Kristian Silseth. Er du klar for ei styrkeprøve i vår?

Parkering / følgebil: 
Parkering i botn av bakken, ved Bøverdalen vandrerhjem og butikken Coop Bøverdalen på Galdesand. Etter ca. 5 km ved Raubergstulen er det bomveg med kortbetaling. (100,-/personbil).  Dette gjeld ikkje for syklistar. Undervegs passerer du òg Galdhøpiggen Klatrepark og Storhaugen gard ein liten sving unna. Frå toppen kan du nyte sol, slush og sommarski, og unne deg ein kaffe og ei vaffel på Juvasshytta. 

Historisk attendeblikk:
Den øvre delen av vegen, Raubergstulen – Juvasshytta, vart påbegynt i 1934 av Knut K. Vole, vert på Juvasshytta (1914-1956). Han hadde eit budsjett på 10 000 kr, og ti mann med spade, hakke og trillebår vart engasjert til å gjennomføre utbygginga av vegen, som på denne tida ble kalt Juvasshyttvegen. Få hadde tru på prosjektet om bilveg opp til Juvasshytta, men da den endeleg var ferdig var det mange som nytta seg av den. Vegen gjorde det også mogleg å etablere Galdhøpiggen sommarskisenter som ligger 800 meter fra Juvasshytta, og er svært populært både blant aktive alpinister og andre skikøyrarar.

Det er mykje jobb å vedlikehalde en slik veg. I 2005 utvida Ragnhild Vole (vertinne 1956-2006) vegen med ny, breiare og asfaltert trasé. Vegen er ope frå medio mai til ut oktober med vêrforbehald.

Last updated: 02/03/2022

Source: Visit Jotunheimen AS

Galdhøpiggvegen | Sykkeltur til Juvasshytta

Senest besøgte sider