Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Aktiv i Lom | Galdhøpiggen klatrepark

Galdhøpiggen klatrepark ligg ved foten av Galdhøpiggen, og består av traversar, 76 plattformar og utfordringar for både liten og stor.

Gira på å utfordre høgdeskrekken i tretoppane ved foten av Galdhøpiggen? 

Klatreparken består av 8 løyper inkludert ei testløype og ei barneløype. Her er det traversar (ziplines) og mange ulike utfordringar. Dette er ein flott aktivitet for familiar, med utfordringar av ulik grad alt frå 1-12 meter over bakken i tretoppane. 

Parken eignar seg og godt for bedrifter, avsluttningar, utdrikkingslag og andre grupper. Kom til Galdhøpiggen klatrepark og opplev noko anna; utfordring og meistring hand i hand!

Barneløypa:
Det er bygd ny barneløype nede i parken. Den er laga slik at voksne personar kan fylgje  barna i løypa eller frå bakken, og hjelpe barna dersom det vert behov for dette. Barneløypa er laga slik at ein kan gå heile løypa fleire gonger, eller bare delar av den. Dette er noko ein kan gjere medan ein ventar på dei andre som er med i turfylgjet skal fullføre.

Parken har til saman 76 plattformer og bør vekke «Tarzan» i dei fleste av oss. Grillplassen i botnen av parken gjer det mogleg å ordne matservering etter klatringen (hugs å gjer avtale om dette i forkant).

Ekstremløypa: 
Ekstremløypa utfordrar sjølv den erfarne klatrepark-entusiasten. Dette er ei etter førehalda kort løype med høg intensitet der du får prøvd både psyke og balanse. Du må vera over 160 cm lang for å kunne prøve denne.

Gje vener og familie ei real utfordring og inviter dei med til Galdhøpiggen klatrepark! Aktiv i Lom kan også lage ulike opplegg med teambuilding for bedrifter og organisasjoner.

Kontakt oss på post@aktivilom.no eller telefon: +47 61212799.

Last updated: 12/19/2022

Source: Visit Jotunheimen AS

Aktiv i Lom | Galdhøpiggen klatrepark

Senest besøgte sider