Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Galdhøpiggen sommerskisenter | Juvass

Book

Juvass - Galdhøpiggen sommarskisenter ligg ved foten av Nord-Europas høgaste fjell, Galdhøpiggen.

Ved foten av Nord-Europas høgaste fjell, Galdhøpiggen ligg Galdhøpiggen sommerskisenter 1850 meter over havet. Skisenteret er eit av få i Norge som ligg på ein isbre. 

Galdhøpiggen sommerskisenter, som ofte blir kalla "Juvass", er eit moderne skianlegg med alle fasilitetar, og egnar seg til både alpint, telemark og snowboard. Her kan du og familien nyte kombinasjonen av sol, ski og slush-føre om sommaren - i skisenteret som ligg høgast over havet i heile Skandinavia.

Anlegget har ein T-krokheis og ei 1400 meter lang nedkøyring. Dette er Noregs lengste breskitrekk! Opningstidene er vanlegvis frå midten av mai til november, når dei store vinterskianlegga opnar. Nokre år held Galdhøpiggen sommarskisenter anlegget stengt midt på sommaren, dersom blåisen smeltar fram.

Skisenteret er altså eit av få i Norge som er lokalisert på ein isbre. Skiheisen er borra ned i bre-is som er i konstant bevegelse ned mot Juvvatnet, og det isklare grøne vatnet som står i sterk kontrast  til permafrostlandskapet.

Treningsarena og leikepark
Skisenteret er ein populær treningsarena for alpintlag frå heile verda. I sommarferien er stort sett alle traseane opne for privatpersonar, der du og kompisane dine kan boltre dykk på ski. Då tek alpintklubbane ferie.

I juli bygger Galdhøpiggen sommerskisenter Noregs råaste sommarpark!

Her kan du leige utstyr som ski, hjelm og stavar til ein god pris. 

Ta deg ein "Juvassbolle"!
Bli du sliten mellom slaga har vi kafé med 120 sitjeplassar med servering av varm og kald mat og drikke. Dessutan får du her dei beste bollane du finn 1000 meter over havet. Høgda over havet gjer nemleg at denne bollen hevar seg mykje betre enn vanleg. 

Hugs å sjekke vêr og føreforhald, og at vegen er ope på www.gpss.no


Last updated: 10/18/2023

Source: Visit Jotunheimen AS

Galdhøpiggen sommerskisenter | Juvass

Book

Senest besøgte sider