Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Galde Uppigard | Gardsovernatting

Book

Kombiner fjellopplevingar i Jotunheimen med gardsovernatting i idylliske og fredelege omgjevnader på garden Galde Uppigard i Bøverdalen.

Den sjarmerande garden Galde Uppigard ligg i fredelege og idylliske omgjevnader i Bøverdalen, med kort veg til Galdhøpiggen sommarskisenter, Sognefjellet og alle Jotunheimen sine majestetiske fjellområde. 

Om du er ute etter overnatting ved Galdhøpiggen, og vil bu mellom tjukke trivelege tømmerveggar, er Galde Uppigard verdt eit besøk. Staden er eit perfekt utgangspunkt for skitrening – både alpint og langrenn – turar til fjord og fjell, jakt og fiske. Det er kun ein kilometer til nærmaste butikk. Fin barnevennleg plass beståande av nye og gamle hus med alle fasilitetar.

I det gamle tunet finn du fred og ro, og i Gamlestova som er frå 1719-talet kan du kose deg og brenne på peisen og føle at du bur i eit hus med sjel. Usjenert fin uteplass bak Gamlestova.

Kårstugu: Fint gammalt hus med 14 sengeplassar (4 soverom), stor stue med TV, stort kjøkken med oppvaskmaskin – godt utstyrt til 25 personar. 2 dusjar og toalett.
Dalastugu: Nyrestaurert hus med 2 soverom (6 sengeplassar), stue med TV, kjøkkenkrok med oppvaskmaskin, dusj og toalett.
Loftet: Soverom med 3 senger, stue med TV, kjøkkenkrok med oppvaskmaskin, dusj og toalett.
Stabburet: 4 senger, kjøkkenkrok.
Biblioteket: 2 senger, kjøkkenkrok.
Gamlestova: Opphaldsrom.

Du har elles både sanitæranlegg, tørkerom, klevaskemaskin, smørebu og gratis internett på garden.

Vertskape Reidun og Arne ynskjer deg hjartleg velkomen som gjest på Galde Uppigard! 
Du må gjerne ringe dei for pris og ein triveleg prat.



Last updated: 01/18/2024

Source: Visit Jotunheimen AS

Galde Uppigard | Gardsovernatting

Book

Senest besøgte sider