Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

HARDBAKKE

Gåsvær Fiskeferie

Gåsvær er ei øy i havgapet ytterst i Sognefjorden. Her kan du ta med deg familien eller vener på ei avslappende ferie på den sjarmerande øya. 

Særprega, restaurert budstadhus med 3 leiligheiter heilt i sjøkanten. Gåsvær er ei øy i havgapet ytterst i Sognefjorden, ca 1km brei og 2km lang. Her kan du ta med deg familien eller vener på ei avslappende ferie på den sjarmerande øya.

OM LEILIGHEITENE

Einingane har 2 til 4 soverom, bad (90 m2 med golvvarme), kjøkken og stove. Fellestilbod: Opphaldsrom med TV i særprega sjøhusmiljø, sløyeplass og frys i sjøhus. Total sengekapasitet er 20.

BÅTLEIGE

Gåsvær Fiskeferie har ein 17 fots båt med 9,9 hk til leige. Kan óg tilby båt med dieselmotor.

OM GÅSVÆR

Gåsvær er ei lita øy, ca 1 km brei og 2 km lang. Her har det frå eldre tid vert to gardsbruk, men i dag er det berre hovedbruket igjen med drifting av sau. Det spesielle bygningsmiljøet i hamna høyrer til hovedbruket på øya. Huset som har utleigeleiligheiter er det gamle bustadhuset på garden. Det er totalt fire bustadhus på øya, og det er fastbuande på Gåsvær heile året. 

Andre verksemder som vert drivne frå Gåsvær er fiskeriselskapet Barstein AS og skyssbåtselskapet PR Sulejet. Den 50 fot store fiskebåten Barstein fiskar langs heile kysten m.a. sild, makrell, sei og det tradisjonelle torskefiske i Lofoten.

På øya Gåsvær kan du slappe av og nyte stillheita. Her er ingen butikk og bilar, kun traktor og trillebår som transportmiddel. Om du ønskjer å handle finn du Spar-butikken i kommunesenteret Hardbakke. Du kan vere med rutebåten inn for å handle det du treng.

Last updated: 01/29/2024

Source: Visit FjordKysten

Gåsvær Fiskeferie

Senest besøgte sider