Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

SØRBØVÅG

Fjordkick - Sykkelutleige

Book

Oppdag Hyllestad frå sykkelsetet. Her finn du fine, idylliske vegar med lite trafikk. Fjordkick Feriehus har syklar tilgjengeleg for utleige.

Sørbøvåg er ei vakker vestlandsbygd ved innløpet til den verdsberømte Sognefjorden. Her ligg Fjordkick - flotte feriehus med panoramautsikt over Åfjorden og majestetiske Lihesten – eit eldorado for turgåarar og naturinteresserte. Oppdag Hyllestad frå sykkelsetet. Her finn du mange fine, idylliske vegar med lite trafikk som pasar ypparleg for sykling. Fjordkick Feriehus har fleire syklar tilgjengeleg for utleige.

Sykle til Hyllestad sentrum og besøk Kvernsteinsparken. Her kan du oppleve ei ukjend side av vikingtida: vikingane som dyktige steinhoggarar og handelsfolk. Du kan gå tur i steinbrota, prøve ut handverksaktivitetar eller ete noko godt ved bålet. Om du ønskjer ein lenger sykkeltur kan du sykle til Leirvik. Her kan du ete lunsj eller middag på Hotel Sognefjord rett ved sjøkanten. Ønskjer du å prøve vannsportaktivitetar tilby Sognefjord Boating guida vannscootersafari. Her kan ein og leige vannscooter om du ønskjer å utforske på eige hand.

Mellom Hyllestad og Fjaler finn du den Trondhjemske postvei som er skildra av mange erfarne syklistar som ein av dei største sykkelopplevingane her til lands. Opprinneleg var det bygd 19 steinbruer på postvegen mellom Dale og Leirvik, og forsatt står mange av dei som stolte og flotte eksempel på tidleg tørrmurarhandverk.

For meir informasjon og prisar, sjå gjerne nettsida: fjordkick.no.

Last updated: 01/29/2024

Source: Visit FjordKysten

Fjordkick - Sykkelutleige

Book

Senest besøgte sider