Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Skjåk

Fjelleventyret | Overnatting på setra

Book

Hos Fjelleventyret i Lundadalen i Skjåk kan du overnatte på den koselege setra "Yste".

Fjelleventyret held til ved inngangen til Lundadalen, ein seterdal i hjarta av Breheimen nasjonalpark. Fjelleventyret tilbyr i tillegg til gardsovernatting, riding og aktivitetar også overnatting på setra "Yste".

Midt i Lundadalen ligg Ytste Lundadalsseter, også kjent som "Yste". Setra ligg rett ved merka DNT-løype mot Trulsbu, og om lag 5 kilometer frå Heimste Lundadalsseter, der bilvegen sluttar. Setra er utan straum og innlagt vatn, men den er unik med peis, levande lys og elva Skjøle som renn rett forbi seterhuset. 

Seterhuset på Ytste Lundadalsseter er oppført i 1995 og har enkel kjøkkenløysing, eitt soverom med 5 sengeplassar, stove med ei budeieseng, sofa spiseplass og to eldstadar. Inkludert i leiga er gass, ved og toalettpapir. Kjøkkenet er utstyrt med det du treng. Du kan leige setra i perioda mellom 18.mai og 1.november. 

Hytta må reingjerast godt til dei neste fjellfolka som kjem forbi og som treng ei seter å kvile på. 

Lundadalen har vore brukt til jakt, fiske og setring i uminnelege tider, og er også eit ypperleg utgangspunkt for fjell- og toppturar.

Velkomen til seters! 

Last updated: 03/20/2023

Source: Visit Jotunheimen AS

Fjelleventyret | Overnatting på setra

Book

Senest besøgte sider