Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Luster

Eplet Bed & Apple

Book

Eplet Bed & Apple er et lite gjestehus som tilbyr norsk gardsturisme i moderne format. Eplet ligger i Solvorn, en liten idyllisk perle ved Sognefjorden.

Eplet er eit lite familedreve gjestehus ved kanten av Sognefjorden. Det er den perfekte basen for backpacking, eventyr på og rundt fjorden eller for å nyte stillheit og ro ved fjorden. 

På Eplet Bed & Apple finn du ei varm, vennleg atmosfære. Fokuset er på avslapning og moro framfor dei lukseriøse fasilitetene. Om kvelden skrus oljelampa på og jazzmusikken i den koselege stova, det er to fine tilgjengelige kjøken og i hagen kan du plukke urter og grønnsaker (i bytte mot litt plukking av ugras). 

I Hagen

I hagen finn du hammock, slakk line og ein ni-hols crocketbane. Om kveldene kan du, om du kommer i rette tid, bli med å gi mat til lam. I resepsjonen finn du friske jordbær plukka frå hagen og er du riktig heldig har vi ekstra egg frå hønsa våre.Høyrast det ut som ei lite paradis?

Rom med fjordutsikt

Alle romma er reine og lyse med ei fantastisk fjordutsikt. Fasilitetane er enkle, men du har alt du treng. Alle romma deler bad. Hos Eplet finner du ikkje unødvendig luksus, men sjarm, fantastisk utsikt og flotte minner.  Det er eit mål at du skal føle deg som heime. 

Produsent av juice og saft

Eplet er også ein liten produsent av juice og saft. Eplet dyrker epler og bær som blir pressa i ei eigen presse i kjellaren. Kvart år produseres det ca. 15.000 liter juice. Når du bor på Eplet er du ein del av en levande, produserende gard.

Bruk Eplet som den perfekte basecamp for aktiviteter i Sognefjorden. Her kan du gå på flotte vandrarturar, padle kajakk eller svømme i den nest lengste fjorden i verda. Du kan og gå på breen med guide, leige deg sykkel for å dra på tur eller besøke Urnes Stavkyrkje på andre sida av fjorden. Fleire av gjestene til Eplet angrer på at dei berre booka to eller tre netter. Det anbefalast å booke fire til sju dager. Blir du i meir enn fem netter leiger du sykkel gratis.

Send epost for å bestille overnatting- 

Velkommen!

Book direkte på; post@eplet.net


Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Eplet Bed & Apple

Book

Senest besøgte sider