Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Skulestadmo

Elva Hotell og Restaurant

Eit heilt spesielt hotelltilbod på Voss som bind saman ekstremsport og naturopplevingar med spektakulær overnatting og matkultur. Elva er eit lite designhotell med 14 rom og består av eit hovudbygg og fem unike småhus, alle med fantastisk utsikt mot vatn, skog og fjell. Usjenert sjølv om det ligg sentralt. Vakkert og vilt, året rundt.

Hotellet og romma Kvar bygning har fått namn etter ei elv på Voss, og kvart rom har fått namn etter kjende fossar og stryk i desse elvene. Strandaelva er hovudbygninga med fire hotellrom, konferanserom og restaurant – alle med vidsyn over Lundarvatnet og fjella bak. Her er også kafé, bar, boblebad av høgste kvalitet og vedfyrt badstove.

Fire av dei frittliggjande småhusa har frå to til tre rom stabla oppå kvarandre, desse heiter Myrkdalselva, Raundalselva, Vosso og Teigdalselva. Småhuset som ligg heilt framme ved vasskanten har berre ei eining og heiter Tvinnefossen – spektakulært akkurat som den mest kjende fossen på Voss. Alle romma i desse bygningane har store dobbeltsenger plassert i nisje ytst mot vindauget og nokre rom har i tillegg dobbeltseng på hems.

Hotellromma har plassbygde møblar frå Styve møbelsnikkeri, norskproduserte møblar frå norske designarar mellom anna den kjende lokale designaren Torbjørn Afdal, seng frå Wonderland, kvalitetsdyner og -puter. Hos oss skal du ha det godt og sove godt.

Rominformasjon:
Småhus - Dobbeltrom plan 1
To store vindauge gjev fantastisk utsikt til naturen utanfor i desse unike dobbeltromma.

Småhus - Dobbeltrom/ Familierom plan 2
Unike familierom med hems fordelt på tre småhus. Alle har to store vindauge med fantastisk utsikt.

Hovudbygg - Dobbeltrom
Dobbeltrom i hovudbygningen med store vindauge som gjev fantastisk utsikt.

Hovudbygg - Dobbeltrom/ Familierom
Flotte familierom med magisk utsikt til naturen utanfor.

Småhus - Dobbeltrom plan 2
Dobbeltrommet Sarpen ligg på plan 2. To store vindauge som vender ut mot vatn, skog og fjell.

Småhus - Superior Dobbeltrom/ Familierom
Småhuset som ligg heilt framme ved vasskanten har ei eining og heiter Tvinnefossen - spektakulært akkurat som den mest kjende fossen på Voss.

Småhus - Superior Dobbeltrom
Opplev kjensla av å sveva i lufta med fantastisk utsikt over vatn, fjell og skog i dette unike rommet på tredje plan.

Romma varierar frå NOK 3200 - 5000 per natt.
Sjå rom og bestill her
Restauranten Restauranten ligg bokstaveleg tala rett ved elva med glasfasadar på tre sider og store uteområde under tak. Her blir det servert frukost og middag, mens lunsj vanlegvis blir servert i sportskaféen rett ved. Matkonseptet er «lokalt, spanande og nordisk». Kanskje litt gourmet, for vi er ambisiøse.

Me har 3-rettars sundag-fredag og 7-rettars smaksmeny på laurdagar. Du kan bestille dette direkte på heimesida vår. Restauranten har plass til 48.

Les meir om restauranten her
Konferanse I etasjen over restauranten har vi plassert konferanserommet overhengande mot vassdraget, med store panoramavindauge og gode fasilitetar for ei vellukka samling – om det er styremøte, leiarsamlingar eller festlege lag. Eller yoga. Her er plass til 40 i klasseromsoppsett eller 60 i teateroppsett.

Les meir om konferanse her
For booking og anna info kontakt Elva Hotell direkte.
Telefon: +47 56 51 05 25. Epost: post@vossactive.no
Nettside: Elva Hotell

Last updated: 03/26/2024

Source: Destinasjon Voss

Elva Hotell og Restaurant

Senest besøgte sider