








Buldring på Hamna: På Hamna kan du prøve buldring – ei sosial, leikande og tilgjengeleg klatreform som passar for alle, uansett alder og nivå.
Buldringa skjer over ein 30 cm tjukk madrass som dekker alle fallsoner og er i samsvar med gjeldande forskrifter. Rutene er merka med fargekodar som viser vanskegrad, slik at både nybegynnarar og erfarne finn utfordringar som passar.
Dette er ein perfekt aktivitet for familiar og vennegjengar. Dei ulike rutene ligg side om side, slik at alle kan vere i aktivitet saman – uavhengig av nivå. Her handlar det om meistring, glede og fellesskap.
Buldrehallen byr på stor variasjon, med ruter sett av erfarne rutesettere. Det vert skrudd nye ruter kvar veke slik at det alltid er noko nytt å prøve.
Buldring er også ein populær utandørsaktivitet, og i Nordfjord finn du fleire flotte område – med stadig nye felt under utvikling.
For tryggleik skal alle brukarar gjere seg kjende med «Buldrevettplakaten».
Barn under 12 år må vere i følgje med vaksen.
Praktisk informasjon:
Drop-in gir tilgang til heile Hamna Aktivitetssenter – inkludert buldrehall, barneklatreområde, treningssenter og gruppetimar.
Det er også klatrebutikk og moglegheit for å arrangere bursdag.
Kilde: Nordfjord