Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Bulandet

Bulandsferie

Velkomen til Bulandet og Bulandsferie - ei perle i havgapet.

Velkomen til Bulandet og Bulandsferie - ei perle i havgapet. Her kan du ta eit pusterom og nyte ein stad med stillheit og vid horisont rundt deg. Bulandsferie ligg like ved sjøen, i eit særprega og hyggjeleg miljø. Alle dei små øyane og smale sunda gjer Bulandet til eit unikt samfunn. 

6 utleige einingar

Bulandsferie tilbyr 6 utleige einingar i Bulandet - Norges vestlegaste øygruppe. Her ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bunde saman av seks bruer som fører deg til Værlandet, 11 km unna. Øyane er eit populært reisemål for dei som liker sykling, padling, fiske eler fotturar. Det er herleg å dra på øyhopping mellom mylderet av øyer med sykkel frå Værlandet til Bulandet. 

Overnatt i flotte rorbuer

Overnatt i dei flotte rorbuene - Andresabua. Rorbua består av tre leiligheter; Buatoppen som ligg i 3. etasje, og Sørbu og Nordbu som ligg i 2. etasje. Kvar eining har 2 soverom, 4 senger, stue m/ kjøkkenkrok, TV og bad. Buatoppen har i tillegg til dette ein liten hems. I underetasjen finn du sløyeplass og felles fryseboks, utemøblar og utepeis. 

Pernillebu

I sjøhusleiligheitene Pernillebu 1 og Pernillebu 2 finn du to soverom med 4 senger. Kvar leiligheit har stue med kjøkken, bad og frysar. Det er felles terrasse med inngong til desse to einingane.

Pernillehytta

Pernillehytta har 3 soverom med 6 sengeplassar. Her finn du seperat kjøkken, stovekrok med TV og 3-delt bad med dusjrom. Her er og ein liten terrasse med utemøbler. På Pernillehytta er det felles uteareal med kai, sløyeskur, sløyebenk og utemøblar. 

Alle bueiningane har trådløs internett, og Bulandsferie tilbyr sluttvask og sengetøy. Det er mogleg å leige båtar som er 14 og 15 fot. (med 5.5/9.9hk motorer). Det er også mogleg å leige sykler og kajakk. 

Nærområdet

Frå Bulandsferie har du kort avstand til mange fiskeplasser rundt og mellom øyene, til fots eller frå båt. Fisketurar med skipper kan avtalast for gruppe. Det er ca. 10 minutt med gange til daglegvarebutikk og andre servicetilbod. I sjøhuset på Pernillestø kan Bulandsferie ta i mot bestillingar for familie eller gruppevis for møte eller andre samlingar. Matservering kan avtalast, og Bulandsferie samarbeida med andre aktørar. Det går ferge frå Askvoll til Bulandet fleire gonger om dagen. For meir informasjon om ferjeruter, sjå fjord1.no. 

Bubil og telt

Det er mogleg å parkere med bubil, eller å sette opp telt etter avtale. Om du kjem med båt er det ein fin gjestehamn/kaiplass du kan benytte deg av. Her vil du ha tilgang til dusj/wc.  

Last updated: 01/29/2024

Source: Visit FjordKysten

Bulandsferie

Senest besøgte sider