Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

MATRE

Brekajakk på Møsevatnet

Book

Å padle kajakk blant isfjell i Møsevatnet er ei spesiell oppleving. Denne turen er ei spektakulær oppleving du ikkje vil gløyma!

Møsevassbreen i Blådalen er eit ungt brefall på Folgefonna, isen kjem på spektakulært vis heilt ned i Møsevatn. Å padle blant isfjell i Møsevatnet er ei spesiell oppleving. Denne turen kan tilpassast alle, og er ei spektakulær oppleving du ikkje vil gløyma!

Sesong

Tilgjengeleg heile sommaren frå ca 1. juli og midten av september, men avhengig av når innsjøen er fri for is.

Total lengd på turen 6-7 timer. Den totale padleturen er ca. 6 km. 
Dette er ikkje ein dagleg tur, men vert arrangert om det er min 2 deltakarar (eller min. betaling for 2). Må førehandstingast (min. 2 personar og maks 8 personar).

Kajakkturen er omlag 3 km, ein padlar langs land på veg til breen. Vi går i land på stranda nær breen for å ete lunsj.

Utstyr

Folgefonni Breførarlag anbefalar at du har på/med ullundertøy, solbriller og solkrem. Du bør og ha med eit ekstra sett med klede og eit handklede om du skulle bli våt. 

Det er ikkje tilgang på varm dusj.
Alt utstyr til kajakk (inkludert tørrdrakt) er inkludert.

Kven høver turen for?

Alle over 15 år og i normal fysisk form. 
Turen vert tilpassa gruppa.

Oppmøtestad

Utanfor turistkontoret/Folgefonnsenteret i Rosendal kl. 10.30 (om ikkje anna er avtalt). 

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Brekajakk på Møsevatnet

Book

Senest besøgte sider