Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Luster

Breheimsenteret

Breheimsenteret - Det karakteristiske bygget rommar mange funksjonar for tilreisande og lokale, og har ei fantastisk utsikt til Nigardsbreen.

Aktivitetar

Breheimsenteret er eit naturleg utgangspunkt for opplevingar som brevandring, guida tur til brefronten, kajakk og rafting i Jostedalen.

Utstilling

Den interaktive utstillinga Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalpark og Jostedalen vektlegg særleg isbrear og klima. Som ein del av utstillinga er det ein eigen kinosal som tek deg med på ei reise rundt dei mektige isbreane gjennom årstidene, frå sommar med brevandring på blåis, til vinter med skikøyring i laussnø.

Restaurant

I restauranten serverast heimelaga mat frå lokale råvarer som kan nytast med utsikt til den vakre Nigardsbreen, ein av dei mange brefalla som kjem ned frå Jostedalsbreen. Det finst eit breitt utval av kalde og varme rettar og kaker, alt laga frå botnen av, og noko for ein kvar smak. Breheimsenteret har og veranda med panoramautsikt, perfekt stad å nyte god mat og drikke. Senteret er ein flott møtestad for seminar og møter.

Kjekt å vite

Turistinformasjonen gir besøkande nyttig informasjon om området

Breheimsenteret har suvenirbutikk med stort utval av varer

Buldrerom for barn

Velkomen til Breheimsenteret!

Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Breheimsenteret

Senest besøgte sider