Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Sogndal

Best Western Lægreid Hotell AS

Midt i Sogndal ved Sognefjorden ligg Best Western Lægreid Hotell. Ved den vesle fontena på Almenningen finn du eit hotell der gjestene kjenner seg som heime.

Hotell ligg midt i Sogndal sentrum, og med den mektige Sognefjorden nesten utanfor stovedøra, kan ein både bade og fiske eller ta ein båttur på fjorden.

Hotellet har 36 rom. Dusj, toalett, interaktivt-TV og telefon på alle rom.

Vertskapet, Sylveig og Atle Lægreid, legg kanskje litt meir i dette med atmosfæren enn andre som driv hotell. Ikkje nok med at dei tener til sitt brød her, dei bur her også sjølve. Og nettopp det er den garantien du treng for at den lune og gode atmosfæren skal prege alle dine opphald på Lægreid.

Best Western Lægreid Hotell held til midt i matfatet når det gjeld gode råvarer for kjøt, fisk og grønt. Dei lokale mattradisjonane er også utgangspunktet for matfilosofien til Lægreid Hotell. Det skal være god heimelaga mat, laga frå botnen.

Sogndal er det beste utgangspunkt for opplevingar langs Sognefjorden. Alt dette kan du oppleve innafor ein radius på 1 time køyring.

- De heibergske samlinger - Sogn folkemuseum

- Kaupanger Stavkyrkje

- Fjærland med Norsk Bremuseum, Bokbyen, Dampen Sauna

- Jostedalsbreen

- Flåmsbana

Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Best Western Lægreid Hotell AS

Senest besøgte sider