Skip to main content
Unknown Component
civid: 585d8282ff94e0619794c81a
name: plugins_common_social_share (widget)

Kvinnherad

Baroniet Rosendal

Baroniet Rosendal er det einaste baroniet i Noreg og Skandinavias minste slott. Baroniet ligg sentralt i Rosendal og er kjent for sitt rike kulturprogram og sin rosehage.

I Rosendal finn du det einaste baroniet i Noreg!
Kulturmiljøet Baroniet Rosendal er ein unik kombinasjon av kultur og natur. Eit besøk på Slottet frå 1665 er ei vandring gjennom ulike stilepokar. Rom og salar er forma av ulike eigarar gjennom 250 år, og er bevart slik siste eigar forlet det i 1927. Baroniet Rosendal er kjent for den vakre Rosendal Have. Her kan du oppleve 300 år med hagehistorie!

Om sommaren er det eit rikt kulturprogram med kunstutstillingar, konsertar, teater og føredrag. I Rosendal Havecafé serverast lunsjrettar med ingrediensar frå kjøkken- og urtehagen, kaffii og kaker.

Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Baroniet Rosendal

Senest besøgte sider