Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Aurland

Aurlandsdalen

Den vidgjetne og sagomsuste Aurlandsdalen er ein av dei gamle ferdselsvegane mellom Aust- og Vestlandet

Aurlandsdalen * Vakker og vill - rik på dyre- og planteliv, kulturminne, historie, variert geologi og godt aurefiske.


Du kan gå i fleire dagar med overnatting i turisthyttene i dalen eller gå kortare turar i kombinasjon med buss eller eigen bil. Vanlegvis kan du gå frå Østerbø til Vassbygdi frå månadsskifte mai/juni - Frå Finse ved jonsok/ månadsskifte juni/juli. Etappane kan du og gå som sjølvstendige dagsturar:

Finse-Geiterygghytta - 5 timar- 18 km.

Over jernbanelinja ved stasjonen, vidare på vestsida av Jomfrunut og på bru over Finseåni. Ein avstikkar til Stant Pål, namnsett av Lord Garvagh d.e. kan anbefalast. Utsyn over Gausta, Hardangerjøkulen og deler av Jotunheimen. Ruta går vidare mot Bakkahellern. I nedstigninga vil du passere ei dyregrav. Gå vidare på sørsida av vassdraget til Geiterygghytta.

Geiterygghytta-Stemmerdalen - 3 timar-10,2 km

Gå stien opp frå anleggsvegen nord for hytta og i stigninga på vestsida av Sundhellerskarvet. Her er stiskilje for ruta til Kongshellern og Iungsdalen. Ruta til Steinbergdalshytta held fram nordover og kryssar Rausdalen. Deretter ein ny stigning vest for Bolhovd til Breibakka. Her har du flott utsyn mot Stemmerdalen. Ta stien på skrå nedover fjellsida til Steinbergdalshytta.

Stemmerdalen-Østerbø - 4 timar -10 km

Ruta går opp i skråningen nord for hytta og vidare oppover fjellsida med utsyn over Stemmerdalen. Ved inntaksdammen ved Grøna kjem stien inn på ei eldre rute. Vidare på bru over Grøna, opp forbi Grønestøl og ned til Østerbø Fjellstove og Aurlandsdalen Turisthytte DNT. 

Østerbø-Vassbygdi - 6 timar -20 km

Fotturen er viden kjent. Gå forbi den gamle kyrkjegarden og på bru over Langedøla, forbi Viki til den tidlegare velkjente Nesbøgalden, opphaveleg skrøpelege loddrette og vannrette stigar, som vart festa til sprekker i fjellet. Seinare sprengde dei ut ein brei sti i stupet langs Nesbøvatnet. Stien fører oss forbi Nesbø, som ligg vakkert til ved Nesbøvatnet. Vegskilje ved Tirtesva som var den opprinnelege ruta. Den øvre ruta er no restaurert og gjev eit mektigare utsyn enn ruta langs elva. Til di hjelp er det sett opp rekkverk og trappetrinn i den bratte nedstigningen frå Bjønnstigvarden. Turen går vidare forbi Svartatjødn. Me anbefalar ein avstikkar til grotta "Vetlehelvete" vest for stien. Ned til elva att og langs den til bru over Veiverdalselvi og opp til garden Sinjarheim, bebudd til 1921 og no restaurert. Undervegs passerar me den vesle garden Almen med huset som er bygd innunder ei stor fjellblokk. Vidare langs elva til Belle øvst i Vassbygdi.


Bestill din bussbillett her

- Meir informasjon om turen: www.ut.no

- Antall Turdøgn: 3

- Vanskelheitsgrad: Middels

- Rute: Finse - Geiterygghytta- Østerbø - Vassbygdi. 5-6 timars gange kvar dag

- Adkomst: Bergensbana til Finse, buss frå Vassbygdi til Flåm (entur.no), Flåmsbana tilbake


Last updated: 03/05/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Aurlandsdalen

Senest besøgte sider