Lom

Andvord Gard

  • Trebygningar på ein gard med port og stakitt, omgitt av grøne tre og fjell under klar blå himmel..
  • Tømmerhus med kvit veranda og torvtak, blomstrar i forgrunnen, fjell og mørke skyer i bakgrunnen..
  • Eit stort trehus i tømmer og panel står på grønt gras med steinsokkel, under delvis skya himmel..
  • Rustikk tømmerstove med langdekt bord, stolar, vindauge med gardiner og eit rikt dekorert skap på veggen..
  • Eit stort, mørkt trehus med kvite verandaer i lett snøfall, med fjell i bakgrunnen og flaggstong framfor..
  • Rustikk tømmerstove med peiseld, dekte bord med duk og glas, lys og vindauge med kvite gardiner..
  • Kvite og rosa blomar i forgrunnen med ein kvit veranda og eit mørkt trehus med vindauge i bakgrunnen..
  • Stor tømmerbygning med kvit veranda og trapp, sett frå hage med bord og stolar under delvis skya himmel..
  • Koselig soverom i tømmerhytte med dobbeltseng, dyne, vindauge, kommode med spegel og open dør til bad..
  • Send os en email

  • 982 20 375

  • Solsidevegen 71

    Lom, Innlandet

    Se på kort

Historiske Andvord Gard, den gamle tingstaden i Lom, er ein unik overnattingsstad med gangavstand til Lom sentrum, og Jotunheimen rett utanfor døra. Her møtest kulturarv, natur og gjestfridom.

Fremst under fjellet Lomseggen ligg Andvord gard, ein av dei eldste gardane i Lom. Bygningsmassen frå 1700-talet er restaurert for å gje gjestane moderne komfort og kvalitet, men historia sitt fortsatt i veggane.

På Andvord Gard søv du som gjest i gode senger. Stillheita, lukta av nyvaska tre og frisk luft gir godkjensla av velvere. Her er det til saman 12 soverom med i alt 23 senger. I eldhuset kan du nyte badstue og dusj.

Bygningsmassa framstår i opprinneleg stil frå 1700- og 1800-talet med utsmykning frå dåtidas lokale kunstnarar (Skjåk-Ola, Rasmus Garmo, tekstilkunst, måleri og gamalt sylv frå garden). Andvord gard vart tildelt kvalitetsmerket Olavsrosa frå Norsk Kulturarv i juni 2012, etter at brødrene Michel og Richard Andvord hadde fullført restaureringa av garden.

Eit opphald på Andvord Gard kan kombinerast med museumsbesøk, matopplevingar, fjellturar, rafting og andre naturopplevingar. Lom er eit midtpunkt i Sør-Norge, med storslått natur, kultur og det perfekte utgangspunkt for fjellturar i alle retningar.

Kilde: Visit Jotunheimen AS