Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Aktiv i Lom | Brevandring på Bøverbreen

Ynskjer du nærkontakt med blåis - og ei turoppleving utanom det vanlege? Bli med på brevandring med Aktiv i Lom!

Ynskjer du nærkontakt med blåis - og ei turoppleving utanom det vanlege? Bli med på brevandring med Aktiv i Lom!

Breturane går fyrst og fremst på Bøverbreen, som er ein fin brearm av Smørstabbreen midt i hjartet av Jotunheimen. Ein dag på blåisen på Bøverbreen kan vera eit minne for livet. Du får sjå på bresprekkar, grotter og tårn i isen. Mange har sikkert lyst til å krabbe gjennom istunellar, bli fira ned i ein sprekk eller klatre med isøks i ein isvegg.

For alle aldre og alle nivå:
Brevandring i Jotunheimen treng ikkje vere ein slitsom tur - her kan me leggje opp turen etter ulike nivå og ynskje. Heile poenget med brevandring i blåisen er å oppleve noko, ikkje å koma lengst mogleg på kortast mogleg tid.

Aktiv i Lom arrangerer og guiding på andre brearmar på Jotunheimen sine mange brear. Her fins alt frå flate brear med lite sprekkar til bratte brear med mange sprekker og tårn. Dei flatare breane blirofte gått på for å nå ein fjelltopp, medan dei meir spektakulære breene blir brukt til brevandring som hovudaktivitet. 

Last updated: 12/19/2022

Source: Visit Jotunheimen AS

Aktiv i Lom | Brevandring på Bøverbreen

Senest besøgte sider