Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Flekke

Aktiv familiehelg - UWC Connect

Bli med på ei aktiv og innhaldsrik helg på Haugland. UWC Connect har aktivitetar for store og små!

Velkomen til ei innhaldsrik og artig helg på Haugland for heile familien. Her kan du ta del i mange ulike aktivitetar og skape minner saman som ein familie uten å måtte tenke på hverken husvask eller matlaging! UWC connect skreddarsyr ei aktiv helg som vil gje deg og familien muligheita til å forsøke nye aktivitetar og skape nye gode minner saman som ein familie.

UWC Connect ligg på Haugland i Fjaler. Her finn du fasilitetar av høg standard, og dei tilsette vil yte sitt aller este for at gjestar skal få ta del i nye opplevingar som skapar varige og gode minner. Grip muligheita til å delta på ei aktiv helg kor alt er inkludert frå ankomst til avreise. De vil overnatte på eit familirom. Alle aktivitetar blir leia av erfarne instruktørar, og her finn du folk som har stort fokus på tryggleik.

UWC Connect har sengekapasitet til inntil 290 gjestar, stort samlingslokale og flott kantine som serverar 3 måltid for dagen. Uteområdet er perfekt for mange ulike typar utandørsaktivitetar som kano, pil og boge, skattejakt, fisketur, gapahuk, og ikkje minst har dei eit flott bassenganlegg på området! På kveldstid legg dei til rette for sosiale samver og film på storskjerm for borna! 

Last updated: 03/26/2024

Source: Visit FjordKysten

Aktiv familiehelg - UWC Connect

Senest besøgte sider